Hopp til innhold

Dramaet i Bergen: Høgre mistar mandat i siste liten

Tysdag kveld har Venstre og Miljøpartiet dei grøne kapra kvart sitt mandat, medan Høgre og Bergenslisten har mista eitt kvar. Det er klart etter at dei 2000 siste stemmene er talde i Bergen.

tellekorps i bergen

DEI SISTE: Tysdag ettermiddag blir dei 2000 siste stemmene i Bergen talde.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

Seint tysdag kveld blei det kjent at Høgre og Bergenslisten har mista eit mandat kvar, medan MDG og Venstre har fått eit kvar.

– Det er ingen tvil om at vi vil legga omkampane daude og gå vidare med bygging av Bybanen, og det er veldig gøy at vi har tatt eit mandat frå Bergenslisten, seier Ingrid Nergaard Fjeldstad, byråd for klima, miljø og byutvikling.

Venstre har eitt mandat meir enn Bergenslisten, trass i færre faktiske stemmer.

– Det er frykteleg moro å ta eit mandat frå Høgre. Det styrkar den grøne blokka og bidreg til å sikra Bybanen mot Åsane. Det er skillingsbollestemning, seier Thor Haakon Bakke i MDG

Ida Rambech, valgansvarlig Bergen kommune (t.h.)

Dei siste førehandsstemmene i Bergen vert talde.

Foto: Øyvor Bakke

Natt til tysdag var det jubel hos Høgre i Bergen.

Tidleg var det klart at dei vart byens største parti og at Christine Meyer (H) må sjå seg om etter samarbeidspartnarar til bystyret.

Det vart etter kvart tydeleg at ho kom til å måtta samarbeida med mange dersom ho skal ha eit fleirtalsbystyre. Men finteljinga av stemmene skapte usikkerheit og berre 30 skulle til før Høgre mista eitt av sine mandat.

No er det eit faktum. Men framleis står att det å telja opp slengarar og ei siste stemmeteljing.

Ap kan likevel ta makta

Men også Ap må samla ein brei koalisjon om dei skal ha makta: Dersom dei samarbeider med Venstre, SV, Raudt, Sp, KrF og MDG, kan det vera nok til å ta tilbake makta i Bergen.

Og det er ikkje utenkjeleg. Ap har tidlegare sete i byråd med MDG, Venstre og KrF. Dei har også hatt budsjettsamarbeid med Sp, SV og Raudt.

Dei 2000 stemmene var førehandsstemmer som kom frå ulike kommunar andre stader i landet.

Teller de sisten stemmene i Bergen

Dei siste stemmene er komne til Bergen.

Foto: Øyvor Bakke

Opna for omkamp

Om Meyer og Høgre skal leia, må dei uansett jobba vidare med å samla eit styringsdyktig fleirtal.

Men ho får ei real utfordring, for alle dei aktuelle samarbeidspartnarane har svært sterke meiningar om ei heilt sentral sak: bybanen.

Bergensarane har sagt i meiningsmålingar at dei ikkje vil ha omkamp om bybanen.

I mai i år kom det historiske vedtaket: Bybanen skal gå over Bryggen og ikkje i tunnel.

Då var håpet byggestart i 2025. Neste utfordring skulle vera kampen om pengane.

Diskusjonen har halde på i 12 år, men no kan det endelege punktumet vera viska ut.

Før valet sa Christine Meyer frå Høgre tydeleg at det ikkje var aktuelt med ein ny bybane-runde.

Men valnatta, då berre halvparten av stemmene var talde, opna ho for omkamp.

– Kanskje gjer ho alle misnøgde. Både dei som stolte på denne garantien, men også dei som er veldig misnøgde med at ho gav denne garantien i utgangspunktet, seier valforskar ved Universitetet i Bergen, Yngve Flo.

– Bybanen som ei nærast heilag ku

At Meyer kan bli upopulær, er han ikkje åleine om å meina.

Politisk kommentator i Bergens Tidende, Gerd Tjelflåt, er spent på kvar maktkampen endar.

– I utgangspunktet er det eit stort fleirtal for å la bybanesaka ligga. Viss Meyer bestemmer seg for ein full omkamp, så trur eg ho vil få ganske sterke reaksjonar på det frå mange av dei andre partia, seier ho.

Gerd Tjeldflåt, kommentator Bergens Tidende

Gerd Tjeldflåt er kommentator i Bergens Tidende.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Ho trur det kan bli fire vanskelege år i byrådet.

Sølve Rydland, politisk redaktør i Bergensavisen, skildrar situasjonen som Meyer og Høgre har kome i som «utruleg vanskeleg».

– Alle partia som Høgre dei neste dagane skal i samtalar med har i praksis stilt ultimatum om kva dei meiner om bybanetraseen, forklarer han.

På den eine sida står MDG, Venstre og KrF.

– Dei har bybanen som ei nærast heilag ku som dei står last og brast ved.

På den andre sida er Bergenslisten, Industri- og næringspartiet, Senterpartiet og Pensjonistpartiet.

– Dei er like kategoriske på at dei ikkje ønskjer bybanen langs Bryggen.

– Betydelege konsekvensar

Dersom det blir omkamp og bystyret endar opp med å endra traseen, fører det med seg ein heil del byråkrati.

Fylkesdirektør i Vestland fylkeskommune, Rune Haugsdal meiner det kan få konsekvensar for framdrifta både av planlegging, prosjektering og finansiering.

– Det får konsekvensar. Betydelege konsekvensar.

Frå tidlegare i bybanedebatten finst det trasealternativ, men det er usikkert om dei er relevante og kan brukast. Kor lang tid det vil ta å avklara det, vil han ikkje spekulera i.

– Det er Bergen kommune som er reguleringsmyndigheit, men historia har vist at diskusjonar rundt både trasé og reguleringsplan har teke tid i tilknyting til bybanen.

Liknande verknad som EU-saka

Valforskar Flo viser til at Meyer ikkje har det beste utgangspunktet når ho skal prøva å samla eit byråd.

Han seier bybanesaka får liknande verknad på bypolitikken som EU-saka får på nasjonalt plan.

Kommuneforsker Yngve Flo ved Norce

Yngve Flo er valforskar ved Universitetet i Bergen.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen

Når saka blir aktualisert, øydelegg ho for det som elles ville vore «naturlege alliansar».

– No ser me jo at dette er ei sak som ikkje vil forlata oss med det første.

Bybanen har vore eit sentralt politisk tema i Bergen i 12 år, men historia går endå lengre tilbake. Høyr meir i podkasten «Nokke for seg sjølv».