– Svært vakkert, men kaldt, seier Eduardo Santos.
Den brasilianske familien har akkurat sikra seg ein tur med Flåmsbana. Neste stopp er Tromsø for å oppleve nordlyset.
I handlegata luktar det fersk bakst.
– Det er ein stor auke frå jule- og nyttårshelga i fjor, seier Gro Homle ved Flåm bakeri.
I kontrast til tidlegare kryr det av reisande i Flåm denne romjula. Fretheim hotell er nær fullbooka dei siste dagane i jula, og det lokale bakeriet mettar fleire julegjester enn nokosinne. Også ved brygga er aktivitetsnivået høgt.
– Skal vere lys i vindauget
– Me har jobba med at det skal vere lys i vindauget. Då signaliserer ein at det er ope og at ein er velkomen, seier Arve Tokvam i Flåm AS.
Han fortel at ein ikkje skal meir enn to år attende før folk som kom hit sto i gatene midt i jula utan noko som helst tilbod.
LES OGSÅ: Fleire vil oppleve fjord og fjell utanom sesongen
Eit fullverdig tilbod til dei besøkjande krev at alle aktørar er med, seier han.
– Heilskapen er svært viktig. Ein har hovudattraksjonen med Flåmsbana, men det er også avgjerande at ein finn overnatting, eteplassar og andre attraksjonar.
Julerush frå storby til distrikta
«Juleturismen» er eit relativt nytt fenomen, seier Bente Bratland Holm, som er reiselivsdirektør i Innovasjon Norge.
– Trykket kjem først i dei store byane, og me har sett det spesielt i Tromsø og Oslo, seier Holm.
LES OGSÅ: Vinterturistane strøymer til: – Det er ein eventyrleg vekst
– Tromsø er til dømes svært attraktivt for den asiatiske marknaden som vil oppleve nordlyset, medan Oslo har ei meir blanda målgruppe med turistar som ofte kjem for helgeturar.
Der europeiske turistar er aktive heile året gjennom, er det asiatiske segmentet meir aktive om vinteren.
– Forholda om vinteren er ofte litt røffare. Då vil ein i større grad oppleve og utforske. Dette påverkar i stor grad kven som kjem til dei ulike årstidene, og korleis destinasjonane blir marknadsført ulike gjennom ulikt sommar og vinter.
Spektakulært heile året
Sjølv om besøkstala er relativt små samanlikna med sommaren, er den prosentvise auken stor, seier Arve Tokvam.
– Årets prognosar er gode og eg har tru på at me vil vidareføre fjorårets trend, i tillegg til fleire drop-in. Mellom anna ser me at fleire asiatiske studentar nyttar jula til å reise hit.
Han seier heilårsturismen er viktig for å kunne tilby heilårsstillingar, som igjen vil auke kompetansen og gjere det til attraktive arbeidsplassar.
– Naturen vår er trass alt spektakulær til alle tider av året og potensialet er stort, så det må me jobbe vidare med. Dei som kjem hit har store forventingar og ein må jobbe med nye produkt, og ikkje nødvendigvis dei same tilboda vinter som sommar.