RIB-en kryssar frå Aurlandsfjorden og inn i Nærøyfjorden i Indre Sogn. Den oppblåsbare båten er full av turistar som vil ha nærkontakt med fjell og fjord. Helst utan altfor mange konkurrentar.
– Me høyrde at dette er før alle dei andre turistane kjem. Me ville unngå massane, seier Carmen To frå Hongkong.
Ho og mora Rebecca Tang har bestemt seg for å kome til Vestlandet og Flåm i slutten av mai. Det er heilt medvite.
– Me kjem nært naturen, me får sjå meir, og det blir lettare å ta bilete, seier To.
Rekordar kvart år
Flåm og resten av regionen er blant Noregs mest populære reisemål, og sommarsesongen har alltid vore viktig.
Dei siste åra har dei satsa hardare på heilårsturisme. Det har gjeve resultat.– Det ser ut til å bli eit nytt rekordår, det åttande på rad, seier Kristian Jørgensen, administrerande direktør i Fjord Norge.
Jørgensen marknadsfører Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Hordaland og Rogaland til heile verda.
– Vi har satsa på heilårsturisme, særleg perioden frå oktober til april. Særleg ser vi resultat i den amerikanske og asiatiske marknaden, seier han.
Han peikar på to ting som er viktige når reisemål skal trekke til seg heilårsturistar.
– Det eine er tilkomst, både til landsdelen og ut til attraksjonane. Og så må det ting vere opne og tilgjengelege i perioden frå oktober til april. Der har vi faktisk eit stykke å gå, spesielt utanfor byane, seier Jørgensen.
Sterk auke
På Flåmsbana har dei i perioden oktober til april hatt ein auke på om lag 120 prosent sidan 2014.
– Før var sesongen frå mai til september. Etter det var det stort sett berre Flåmsbana som gjekk og alt det andre stengd, seier Bengt Hammer.
Han er salssjef, Flåm Utvikling. Han er ikkje overraska over auken dei no ser. Det dei tenar om sommaren legg dei på profilering av vintersesongen.
– No er alt ope av både overnattingstilbod og aktivitetar, seier han, og held fram:
– Vi har veldig mange som vil oppleve ro og stille og spektakulær natur. Utviklinga visar seg å vere god, seier Bengt Hammer
Til og frå Thailand
Hammer sin oversikt viser at Thailand stod for den største turisttrafikken til Flåm i mars.
– Det reiser mange nordmenn til Thailand, men det kjem mange hit også, seier han.
Ei av dei som merkar utviklinga i heilårsturismen best er Ane Olivie Oppheim. Ho er båtførar og guide i Flåm Guideservice.
– Det er kjekt at det blir spreidd utover heile året, og eg trur turistane får ei betre oppleving av det, seier ho.