Vinterturistane strøymer til: – Det er ein eventyrleg vekst

AURLAND (NRK): Spesielt turistar frå Asia har fått opp auga for vinterlandskapet i Norge. No ser ein resultatet etter fleire år med satsing på heilårsturisme.

Kinesisk turistar i Flåm

KINESISKE TURISTAR I FLÅM: Denne gjengen ville ta ein tur med Flåmsbana gjennom norsk vinterlandskap.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Vi er i ferd med å lykkes med bygge Vestlandet som ein heilårsdestinasjon, seier Kristian Jørgensen, administrerande direktør i Fjord Norge.

I fleire år har Fjord Norge jobba strategisk med dette, særleg retta mot den asiatiske marknaden.

– Det er framleis langt igjen, men vi ser no at innsatsen gir utteljing, seier Jørgensen.

Storinnrykk i Aurland

Aurland var tidlegare ein rein sommardestinasjon. No strøymer turistane til også på vinterstid.

– Vi får storinnrykk av turistar i romjula, så her blir det mykje liv og røre på tog, båtar og overnattingsstadar, seier Noralv Distad, som er ordførar i Aurland.

Det var Sogn Avis som først skreiv at turistverksemder i Sogn har fullt belegg gjennom jula.

Kinesisk turist i Flåm

SNØ SOM LOKKAR: Kuldegrader og kvitdekt landskap gjer at turistar strøymer til Noreg.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

36 prosent auke på eit år

Hotell og suvenirbutikkar som før hadde stengt om vinteren, kan no halde oppe heile året. Frå 2016 til 2017 auka turisttrafikken om vinteren med 36 prosent i Aurland.

– Etter satsing over lang tid har vinterturisme blitt veldig viktig for at vi kan ha arbeidsplassar gjennom heile året, seier Ingvild Åsvang, som er bookingsjef ved Fretheim Hotel i Flåm.

Noralv Distad fortel at det viktigaste dei har gjort for å lokke turistar til Aurland på vinterstid er å gjere staden tilgjengeleg.

– Det går ikkje an å selje noko som ikkje er tilgjengeleg. I tillegg har vi satsa på marknadsføring. Næringslivet satsar med tilbod på vinteren, seier Distad.

Noralv Distad

GULL VERDT: For ordførar Noralv Distad er storinnrykk av vinterturistar gull verdt for turistkommunen Aurland.

Foto: Synne Ulltang / NRK

– Eventyrleg vekst

Sjølv om turistane strøymer til, så meiner direktør for Visit Sognefjord at det er plass til fleire.

– Dette er ein eventyrleg vekst vi har sett over fleire år. Potensialet er stort, seier Ståle Brandshaug.

Turistar frå Asia strøymer til Flåm og Aurland.