Opnar lommeboka: No skal Lili og dei andre sesongarbeidarane lære seg norsk

FLÅM (NRK): Turistmagneten Flåm vil at sesongarbeidarane skal bli verande i bygda. Derfor spanderer kommunen norskkurs.

norskkurs ved fretheim hotel

MOTIVERT: Lili Guimaraes frå Brasil fekk meirsmak på fjord og fjell etter eit noregsbesøk i 2011. No ønskjer ho å lære seg norsk og bli buande i Flåm.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

– Eg planlegg å bli her lenge, og då må eg lære meg norsk, seier brasilianske Lili Guimaraes.

Ho jobbar ved kundesenteret i Visit Flåm. Vi møter henne på Fretheim hotel i Flåm der ho deltar på norskkurs saman med 14 andre sambygdingar.

– Målet mitt er å kommunisere flytande på norsk. Om eg klarar å lære meg norsk, vil det opne fleire dører for meg, seier ho.

Ho kjem frå São Paulo, men kjærleiken førte henne til Flåm, fjordbygda inst i Aurlandsfjorden. Der er ho ei av fleire framandarbeidarar som kommunen no jobbar aktivt for at skal bli verande.

norskkurs ved fretheim hotel

UHØGTIDLEG PRAT: Kurskvelden blir innleia ved at deltakarane fortel kva dei har gjort sidan sist. Piotr Stepien fortel om helgas makrellfiske.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

– Viktig investering

Gudny Flatabø i Aurland kommune fortel at dei har jobba tett med Folkeuniversitetet for å kunne tilby denne norskopplæringa. Ho meiner det er ei viktig investering for kommunen, og at dei difor betaler halvparten av kursavgifta.

– Stadig fleire av dei internasjonale arbeidstakarane får fast jobb i kommunen. Då er det viktig at me gjer ein innsats for å integrere dei i samfunnet, slik at dei trivst og blir verande. Språk er ein svært veldig viktig del av dette, seier ho.

Ho seier at kursa har fylt seg opp i rekordfart.

– Det er veldig kjekt å sjå eit så stort ønske om å lære seg norsk. No håpar eg at me som lokalsamfunn følgjer opp ved å ta oss tid til å snakke norsk med dei i kvardagslege situasjonar.

Gudny flatabø aurland kommune

VIL LEGGE TIL RETTE: Gudny Øyre Flatabø i Aurland kommune håpar ein til våren 2020 kan arrangere nye kurs med auka vanskegrad. – Kontinuitet er veldig viktig for norsklæringa.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

– Lenge ønskt oss

Når dei siste cruiseskipa forlèt hamna, og tilkomsten av busslaster stilnar, pleier Flåm å gå inn i ein rolegare periode. No kan det vere i endring. Ettersom sesongen utvidar seg – i år starta han allereie før påske – vil òg betydninga av «sesongarbeidar» endre seg. I staden for å reise «heim» blir dei verande, og slår røter.

– Eit profesjonelt norskkurs er noko me lenge har ønskt oss, seier Erica Edmundsson i Visit Flåm.

– Det internasjonale miljøet her skapar stor vekst i Flåm og Aurland, og språk er ein viktig føresetnad for å kunne utvikle seg, seier ho.

I tillegg til at eit felles språk vil forbetre kommunikasjonen i ei verksemd der dei 75 fast tilsette fordeler seg langs 22 nasjonar, så må «målet vere at dei tilsette skal kunne gi god informasjon til kundane, på norsk», seier ho.

– Me håpar å kunne halde fram med kurs til våre tilsette er på eit profesjonelt nivå, der dei også kan gå i djupare samtalar med kundane.

Erica edmundson visit flåm

ETTERLENGTA TILBOD: Erica Edmundson i Visit Flåm seier at profesjonelle norskkurs lenge har vore etterspurt. – Det gir dei tilsette moglegheit til å utvikle seg i bedrifta, men også i lokalsamfunnet.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Aktuelt for heile landet

Reidar Brandsberg i Folkeuniversitetet meiner satsing på vidarekomen norskopplæring i distrikta har eit stort potensial.

– Det var Luster kommune som først knekte denne koden, og me har jobba mykje ut frå «Lustramodellen». Etter suksess med fleire fullsette kurs i Luster, er det kjekt å sjå at Aurland føl etter.

Møte dei på norsk

Lili Guimaraes peiker på det same. Om ho blir betre i norsk, vil det ikkje berre gjere det lettare å møte sambygdingane – det vil òg kome godt med i møte med turistane.

– Sjølv om me ikkje har så mange norske turistar, så blir dei litt nølande om dei skjønar at eg ikkje snakkar norsk. Om eg derimot kan møte dei med norske frasar, endrar haldninga seg og me får ein fin dialog.