Hopp til innhold

Full skjering mellom Ap-toppar i industribygda

Ap-ordføraren i Årdal måtte stå skulerett for resten av partiet etter «soloutspel» i betent vindkraftsak.

Hydro Aluminium sin fabrikk i Øvre Årdal.

ÅRDAL; VESTLAND: Her får Ap 70 prosent av stemmene. Likevel er det bråk blant sosialdemokratane i kommunen.

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

I industribygda Årdal inst i Sogn har Arbeidarpartiet hatt makta i 60 samanhengande år, og ved fleire høve fått meir enn 70 prosent av stemmene.

I år er det berre eitt anna parti (Høgre) som stiller med konkurrerande liste i kommunen, og utfallet er alt gitt:

Det vert raudt fleirtal, og ordførarklubba vil framleis tilhøyre ein sosialdemokrat.

I ei meiningsmåling frå juni låg Ap an til å få 73,5 prosent av stemmene.

Men ikkje alt er idyll for Arbeidarpartiet i Ap-bastionen.

I staden verserer skuldingar om «solutspel», «åleinegang» og «lekkasjar».

Årdal Metallverk - badtømming

Bakgrunnen for bråket er eit «soloutspel» der ordføraren kringkasta eit nytt syn på den betente vindkraftsaka i kommunen.

Foto: © Hydro Aluminium

– Han måtte stå skulerett

For ikkje lenge sidan vart ordførar Hilmar Høl (Ap) irettesett av heile det sosialdemokratiske makttriangelet:

  • styret i Årdal Arbeidarparti
  • kommunestyregruppa
  • medlemsmøtet i Årdal Arbeidarparti

– Det har vore så kritikkverdig at han måtte stå skulerett, forklarte varaordførarkandidat Anne Kauppi (Ap) i NRKs valkamputspørjing sist veke.

Bakgrunnen for sanksjoneringa er «soloutspelet» der ordføraren kringkasta eit nytt syn på den betente vindkraftsaka i kommunen – utan å forankre det i partiet.

Ordføraren har tidlegare profilert seg som motstandar av vindkraft, men etter å ha forsikra seg om at utbyggjaren ville vere lokal kom han tidlegare i år ut av tenkjeboksen og kunngjorde til omverda at han har endra syn frå nei til ja.

Oppdatering: I ein tidlegare utgåve av denne saka stod det at vindkraft-utbyggaren Fred Olsen Renewables er utanlandsk. Det er feil.

Strid i Årdal Arbeidarparti

– Han måtte stå skulerett, seier Anne Kauppi (Ap). – Eg hadde aldri trudd at innhaldet i eit lukka møte skulle verte referert i NRK, svarer Hilmar Høl (Ap).

Foto: Halvor Farsund Storevik og Sondre Dalaker / NRK

– Hadde aldri trudd at innhaldet i eit lukka møte skulle verte referert i NRK

Snuoperasjonen kom bardus på resten av partiet, som har halde fast ved at dei vil ha meir informasjon før dei bestemmer seg.

Og det er kjernen i konflikten: Med kva rett kan ordføraren lufte sine eigne ønske og preferansar – utan å gå vegen om partikameratar?

Har han gått for langt i å forskotere og påverke nødvendige partiprosessar?

Og korleis kjenst det å bli kalla inn på teppet av sine eigne?

– Eg har teke kjeften både frå den gamle gruppa, og dei som blir den nye gruppa. Men eg hadde aldri trudd at innhaldet i eit lukka møte skulle verte referert i NRK, seier Høl til NRK.

Han er ikkje tilfreds med at partikameraten har røpt scener frå kammerset for open scene.

– Det meiner eg er like grovt som det eg har gjort, seier han.

Porten til Hydro i Øvre årdal

Ein ny og «grønare» aluminium som er utvikla i Årdal vekkjer interesse hos fleire europeiske bilprodusentar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Lei seg for den «skarpe ordlyden»

Partileiar Christian Sønstelien har tatt kontakt med både ordførar- og varaordførarkandidaten for å mane til forsoning.

– Eg har snakka med begge, og Anne har beklaga måten ho ordla seg på, seier han.

Varaordførarkandidat Anne Kauppi seier til NRK at ho er lei seg for den «skarpe ordlyden».

– Eg burde ha ordlagt meg annleis.

Ho legg til at dei har hatt «ein intern prosess» og at ho reknar seg som «ferdig med saka».

– For meg er det heilt uproblematisk å drive valkamp saman med Hilmar, seier ho.

Då NRK tek kontakt med Høl er han framleis litt vonbroten, men villig til å sjå framover:

– Eg kjenner eg har den tilliten eg treng for å drive valkamp som ordførarkandidat.

– Men det er klart eg tykkjer ikkje det er kjekt å bli blåse ut i media i ei sak som eg meiner tilhøyrer gruppa til Arbeidarpartiet.