Hopp til innhold

Eritreisk demonstrasjon: – Mange er frustrerte og sinte

Suraffel Mehari Beyene (27) meiner spenningsnivået mellom dei to eritreiske gruppene i Noreg er større enn nokosinne. Det kan vera dårleg nytt før laurdagens planlagde demonstrasjon i Bergen.

Suraffel Mehari Beyene, opprinnelig fra Eritrea

FRÅ ERITREA: Suraffel Mehari Beyene frå Bergen høyrer til gruppa som er kritiske til dei som sit med makta i Eritrea.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Vitne omtalte det som eit gateslag mellom eritrearar i Bergen sentrum laurdag 2. september i fjor.

– Det var surrealistisk og absurd. Eg måtte koma meg vekk. Det var rett og slett farleg å vera der, fortalde Ole Egil Størkson.

Om lag 70 væpna politifolk kjempa for å få kontroll over situasjonen, blant anna med tåregass og sperringar.

Ei markering av det eritreiske regimet i Bergen endte med slåsskamp og steinkasting. Fleire eritrearar tok til gatene for å demonstrere mot arrangementet som hylla eit regime dei flykta frå. Politiet har slåsskampen og demonstrasjonen under kontroll.

Det var dramatiske scener i Bergen sentrum i september i fjor.

24. mai er den eritreiske nasjonaldagen, og laurdag er det planlagt ei ny feiring i Bergen. Samtidig er det varsla ein motdemonstrasjon frå den andre gruppa av eritrearar som er kritiske til arrangørane.

– Konfliktnivået har auka

Det er ei svært djup konflikt mellom dei eritrearane som støttar det sitjande regimet i Eritrea, og dei som høyrer til opposisjonen.

Suraffel Mehari Beyene
Foto: Sissel Rikheim / NRK

Suraffel Mehari Beyene (27) høyrer til opposisjonen. Han seier at det er usikkert kva som kjem til å skje laurdag, men veit at spenningsnivået er høgare enn nokosinne.

– Det er eit hakk opp sidan september. Vi har forklart politiet og kommunen om vår bekymring. Mange er frustrerte og sinte, seier han.

Ei årsak til at konfliktnivået kan ha auka endå meir, er at ein motstandar av regimet skal ha blitt drepen på ein brutal måte i Tel Aviv for berre to veker sidan. Det er ikkje bekrefta kven som kan ha stått bak drapet.

Beyene håpar politiet tar sitt ansvar og at folk som demonstrerer held seg unna valdsbruk.

– Følgjer det frå time til time

Politiet i Bergen følgjer situasjonen tett fram mot arrangementet laurdag, og har justert litt på arbeidsmåten fram mot denne hendinga.

– Med erfaringane frå sist, veit vi at det er eit visst potensial for at det kan koma til valdelege hendingar, seier stabssjef Gustav Landro i Vest politidistrikt.

Gustav Landro utføre politistasjonen i Bergen.

Gustav Landro er stabssjef i Vest Politidistrikt. Han meiner folk trygt kan opphalda seg i Bergen sentrum laurdag.

Foto: Christine Rieber Lensberg / NRK

Han vil ikkje overdriva faren for bråk, men understrekar at mykje kan endra seg fram mot demonstrasjonen. Derfor jobbar dei med å skaffa seg mest mogleg sikker informasjon, til dømes om kor mange tilreisande som er venta til demonstrasjonen.

– Vi overvakar situasjonen med etterretning, frå time til time, for å prøva å føresjå kva som kan koma til å skje, og tilpassar den operative innsatsen deretter, seier Landro.

I fjor nytta dei store ressursar, mellom anna dronar og helikopter.

Han seier at folk trygt kan opphalda seg i sentrum, men at dei kan møta på sperringar.

– Dei må vere førebudde på å møta ein del politifolk i området Vågsbunnen og rundt Kong Oscarsgate. Det kjem til å bli litt stengte gater der, seier han.

Les også: Fikk asyl i Norge - støtter regimet han flyktet fra

Eritrea-demonstrasjon.

Avviste tilknyting til regimet

Det har ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå Den eritreiske foreningen i Hordaland, som arrangerer den eritreiske feiringa på laurdag.

I samband med opptøyane i september i fjor avviste styreleiar Hidru Ghebremichael då at dei støtta regimet i Eritrea.

– Vi prøver å halde på vår kultur og vårt språk her. Dette er lov, og det er det gjer vi i dag også, sa han til NRK den gong.

Han hevda då overfor NRK at det var mange blant motdemonstrantane som ikkje var eritrearar.

Trass i opptøyane fekk foreininga til slutt gjennomført feiringa av den eritreiske frigjeringskrigen i fjor, etter å ha blitt bussa til festlokalet i Bergen.

Merknad: Ole Egil Størkson, som var vitne til demonstrasjonen og valden i 2023, er tilsett i NRK.