Hopp til innhold

Bråk i Bergen: Ein person sikta for vald mot politiet etter opptøyar i sentrum

Søndag føremiddag er politiet på plass i Åsane i samband med eit nytt arrangement i det eritreiske miljøet.

Demonstrasjon Bergen sentum. Politi har sperret av deler av sentrumskjernen.

Det har vore demonstrasjonar i Bergen mot ein fest arrangert av Eritreisk foreining Hordaland.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Ifølge politiet er det no roleg på staden.

– Vi er til stades og vi er væpna, seier operasjonsleiar Tore-André Brakstad i Vest politidistrikt til Bergens Tidende.

Politiet måtte laurdag sperre av gatene etter demonstrasjonar i forbindelse med eit eritreisk arrangement i Bergen laurdag.

Politiadvokat Laila Skeide seier til NRK søndag morgon at tre personar blei innbrakte for ikkje å ha følgt pålegga til politiet. Dei er no sleppte fri. Mannen som er sikta for vald mot politiet etter å ha kasta stein, sit framleis i varetekt og skal bli avhøyrd.

– Han skal bli avhøyrd, men det ligg ikkje an til fengsling, seier ho.

Festarrangøren er sjokkert over at folk kasta stein etter dei.

– Dei kasta stein. Det var sjokkerande, seier Semere Hagos.

Semere Girmai Hagos

Semere Girmai Hagos er styremedlem i Eritreisk foreining i Hordaland.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Han er styremedlem i den eritreiske foreininga i Hordaland til NRK.

Foreininga markerer byrjinga av frigjeringskrigen mot Etiopia. Det skjedde i leigde lokale Bergen Internasjonale Kultursenter i Bergen sentrum.

Frå tidleg laurdag ettermiddag skulle dei opne lokala for å førebu festen. Då var allereie ei rekke demonstrantar på plass i området.

Dei protesterer mot arrangementet fordi dei meiner foreininga støttar regiment i Eritrea, som dei sjølve har flykta frå, og kravde at festen vart avlyst.

Politiet var i sentrum med ekstra mannskap utover kvelden og natta for å sikre at arrangementet ved Bergen internasjonale kultursenter blir gjennomført som planlagd. Det er ikkje er planlagd å vere over før rundt klokka 02.30 natt til søndag, skriv BT.

Søndag føremiddag har foreininga planlagt nok eit arrangement, som politiet har dialog med dei om. Av tryggingsårsaker vil politiet ikkje opplyse om tid og stad for arrangementet.

Ei markering av det eritreiske regimet i Bergen endte med slåsskamp og steinkasting. Fleire eritrearar tok til gatene for å demonstrere mot arrangementet som hylla eit regime dei flykta frå. Politiet har slåsskampen og demonstrasjonen under kontroll.

Avviser regime-støtte

Eritreisk foreining seier dei ikkje støtter regimet i Eritrea, slik som demonstrantane hevdar.

– Vi har inga tilknyting til regimet i Eritrea. Vi feirar 62-årsjubileum for den væpna kampen for å frigjere Eritrea, seier Hidru Ghebremichael, leiar for den eritreiske foreininga.

Leder for den eritreiske foreningen i Bergen Hidru Ghedre Michael

Hidru Ghebremichael, leiar for den eritreiske foreininga.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Vi prøver å halde på vår kultur og vårt språk her. Dette er lov, og det er det gjer vi i dag også. Dette er ein folkedag i Eritrea, og alle frå Eritrea har rett til å feire dette. Folk burde feire, i staden for å lage bråk, seier Ghebremichael.

– Mange tenker dette står mellom eritrearar og eritrearar, men vi veit at det er mange i den andre gruppa som ikkje er eritrearar, som vil skade oss, våre festar og våre eigedelar, hevdar Hidru Ghedremichael overfor NRK og seier vidare:

– Dei har dessverre skadd både oss og politiet her i dag. Dette skulle ikkje skje her i Noreg, men har skjedd. Vi har lært og erfart noko, både vi og politiet. Vi håper politiet ryddar godt i saka.

Ghebremichael seier festdeltakarane har det bra no. Han takkar politiet for at dei passa på dei.

– Dei har gjort alt dei kan.

Ei kjelde i det eritreiske miljøet seier til NRK at dei demonstrerer mot det dei meiner er ein regimevenleg fest som feirar presidenten og hans hær:

– Festen var annonsert som open for alle, men er blitt privat. Derfor er det, som i Stockholm, stort sinne, seier han til NRK.

eritreisk arrangement i Bergen

Eritrearar er laurdag kveld samla for å feire starten på frigjeringa frå Etiopia.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Politiet brukte tåregass

På eit tidspunkt gjekk demonstrantane til angrep både på medlemmer av den eritreiske foreining og på politiet.

– Det har òg vore henta slagreiskap, stokkar og jernstenger, seier innsatsleiar frå Vest politidistrikt, John-Endre Skeie.

Politiet måtte bruke tåregass for å spreie dei involverte. Det var mykje politi med gassmasker på staden. Ein person vart skadd.

Festdeltakarane vart bussa til lokala i Kong Oscars gate i 20-tida, opplyser politiet til Bergensavisen.

Inne på festen heng det store flagg, og musikk lyder frå høgtalarane.

– Eg føler meg trygg no, seier Hagos til NRK.

Eritreisk arrangement i Bergen

Eritrearar feirar i Bergen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Statsministeren og Solberg ut mot valden

Statsminister Jonas Gahr Støre gjekk laurdag kveld ut med sterk kritikk mot opptøyane.

– Dette er helt uakseptabelt. I dag har vi sett vald og konfrontasjon i Bergen mellom eritrearar på grunn av situasjonen i Eritrea. Det er helt uakseptabelt å bruke vald og gå til valdelege konfrontasjonar og angrep på politiet i Noreg, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til VG.

Høgreleiar Erna Solberg uttalar til NRK at scenene som fann stad laurdag i Bergen er «djupt opprørande og heilt uakseptable».

– Sentrum i verdas vakraste by skal vere ein trygt stad å vere for bergensarar og tilreisande i alle aldrar.

Ho peikar på at både barn, familiar og eldre har vore vitne til opptøyar på open gate og valdelege konfrontasjonar med politiet.

– Det er skremmande og skaper utryggleik for alle.

Politiet bad demonstrantane dra heim

Demonstrantane oppheldt seg laurdag lenge nær festlokala i Kong Oscars gate, og delar av gate og fleire sidegater var avsperra i timevis.

Etter kvart bevegde mengda seg nedover mot Bergen sentrum i retning Torgallmenningen.

Vi har funne trebjelkar, jernstenger og mursteinar, men ingen er arresterte. Det har vore 80–100 demonstrantar, opplyste innsatsleiar i politiet, John-Endre Skeie, tidleg på kvelden.

Politi i Bergen sentrum

Politiet møtte mannsterkt opp.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

I 19-tida gav politiet demonstrantane beskjed om å forlate Bergen sentrum, fordi dei hindra både bybanen og biltrafikken, og forstyrra ro og orden.

Politihelikopter i lufta

Han peikar på at politiet la til rette for at begge partar skulle få gjennomføre meiningsytringar i samband med arrangementet, men vurderte å fjerne demonstrantane dersom dei ikkje gjorde det sjølve.

Dei planla ikkje å avslutte arrangementet, slik demonstrantane kravde. I staden kom politiet med fleire folk, og hadde dronar og politihelikopter hengande over gatene fleire timar.

– Det er ytringsfridom i Noreg og ei lovleg markering som er meld inn på førehand.

Det skal ha vore mange ungdommar blant demonstrantane, og politiet oppmoda i 19-tida foreldre og føresette om snarast å hente ungdommane sine ut av situasjonen, for å unngå at dei blir hanka inn eller involverte i valdelege samanstøytar.

Politiet seier at dette dreier seg om to fraksjonar, ein som er for, og ein som er i mot styresettet i Eritrea.

– Dette er to fraksjonar som er frå Eritrea. Der nokon er pro-styresmaktene, og nokon er mot styresmaktene. Det er det som gjer at dei barkar i hop, sa operasjonsleiar Christian Myer i Vest politidistrikt til NRK laurdag.

Politiet seier dei har opplysningar om at det blant demonstrantane er tilreisande frå det eritreiske miljøet frå hele Sør-Noreg.

demo Bergen

Ambulansane stod i kø nær området der demonstrantane først heldt til.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

– Ein protest

I byrjinga av august blei over 50 personar skadd da opptøyar braut ut på ein lojal mot regime eritreisk festival i Stockholm. Fleire hundre blei arrestert av politiet.

Kjetil Tronvoll, ein av Europas fremste ekspertar på Eritrea, seier det som skjer er eit uttrykk for desperasjon og frustrasjon blant eritreiske flyktningar i Noreg og Europa.

– Det er ein protest mot at eritrearar som støttar regimet, får lov til å arrangere festivalar som markerer regimet sin ideologi.

– Men arrangørane seier at dei ikkje støttar regimet?

– Ja, det seier alle disse arrangørane. Men det er veldig klare bevis på at det ikkje er tilfellet, seier han.

Woldab Feshatzion har sidan 1980-talet kjempa for eit fritt Eritrea. Han trur ikkje på Eritreisk foreining Hordaland, når dei seier dei ikkje støtter regimet i Eritrea.

Det er ungdommar som har fått nok av regimet i Eritrea, seier han om det som skjer i Bergen og elles i Europa.

– Men kva tenkjer du om at dei bruker vald?

– Eg er generelt imot vald. Problemet er at desse ungdommane ikkje ser ein annan utveg, seier Woldab Feshatzion.

Les også Norsk-eritreere dro på fest for regimet de flyktet fra

Eritrea