I årevis har norsk-eritrearar i Noreg fortalt om det dei meiner er overvaking, sosial kontroll og press frå regimet i heimlandet.
Norsk-eritrearar som har stilt opp i media har bede norske styresmakter om hjelp til å stanse eritreisk regimeaktivitet i Noreg.
Dei har også fortalt om det dei meiner er manglande handling og hjelp frå norske styresmakter.
Bråk fleire stader i verda
NRK og Vårt Land har i fleire saker omtalt påstandane om korleis eit av verdas mest lukka regime kontrollerer norsk-eritrearar.
Også andre stader i verda har rapportar og medieoppslag fortalt liknande historier. Denne helga var det også opptøyar utanfor Eritreas ambassade i Israel, og tidlegare i sommar vart det valdeleg under eit arrangement i Sverige.
Eritreas framgangsmåte er ofte vanskeleg å dokumentere, men ulike rapportar fortel om like tendensar i ulike land rundt om i verda.
Ei øydelagd stridsvogn etter den brutale krigen som førte til Eritreas sjølvstende. I dag er Eritrea eit land med utstrekt kontroll over sitt folk.
Foto: AFP«Falske flyktningar»?
Ein vanleg påstand er at regimet sender ut «falske flyktningar» som blandar seg med dei mange reelle flyktningane for å utøve press og kontroll.
Eritrea er eit av verdas mest lukka land, og påstandar om press og kontroll er ofte vanskelege å dokumentere. Dette fører ofte til at dei to frontane som finst i eritreiske miljø rundt om i verda hamnar i ein ord-mot-ord-situasjon.
Det same kan ein sjå i Bergen, der den eine parten meiner det blir arrangert ein fest for regimet, mens arrangørane av festen nektar for at dette er sant.
Variert og omfattande aktivitet
Regimet skjuler ofte sin aktivitet bak ufarlege fasadar, og den framtonar seg på ulike vis. Rapporten Press og Kontroll frå 2020 omtalar fleire problematiske sider ved eritreisk aktivitet i Noreg:
- To-prosentskatt: Alle som ønsker å ha kontakt med familie i heimlandet, eller ta imot konsulære tenester, slik som utskrift av vitnemål og pass, må betale ein skatt på 2 prosent. Informantar fortel i rapporten at dei også kan bli kasta ut av det eritreiske miljøet og arrangement om dei ikkje har betalt. Når ein avtale om å betale skatt blir inngått, så må ein også unnskylde all regimekritikk som personen eventuelt har kome med tidlegare.
- Kontor på Karl Johan: Fram til 2016 dreiv «Eritreiske informasjonsforbund» eit kontor i ei av sidegatene til Karl Johan i Oslo sentrum. Hovudoppgåva var å drive inn skatten til regimet i Eritrea. Kontoret opphøyrde etter at norske styresmakter protesterte. I svaret til det norske utanriksdepartementet svarte Eritreas ambassade i Stockholm at skatten er frivillig, men at den må betalast for å kunne få tilgang til tenester frå den eritreiske stat.
- Festar og arrangement: Årleg vert det arrangert eritreiske festar. Arrangørane seier det er for å feire eritreisk kultur, motstandarane meiner det er festar til støtte for regimet. Fleire av dei som protesterte mot arrangementet i Bergen i går hevda at det kosta pengar å vere med på festen, og at desse pengane går til regimet i Eritrea. Arrangørane i Bergen nektar for slike band til regimet.
- Kyrkjer: Det var i 2020 i underkant av 40 trussamfunn og kyrkjelydar som hadde eritreisk bakgrunn. Rapporten frå 2020 fortel at fleire av desse er kontrollerte av regimet i heimlandet. Fleire av desse skal i fleire år ha motteke statstilskot frå Noreg. Då NRK i 2021 stilte spørsmål til Statsforvalteren i Oslo/Viken, som er ansvarlege for statstilskot til religiøse samfunn, så var svaret at dei ikkje kjente til saker om eventuell stans i statsstøtte til eritreiske kyrkjesamfunn i Noreg.
- Frykt for familien i Eritrea: Eit viktig grep for å kunne uttøve press mot borgarar som bur i andre land er å kunne oppsøke og truge familiemedlem. Fleire informantar fortel i rapporten Press og Kontroll, om situasjonar der familien i Eritrea er blitt kontakta av politiet. Ein av dei NRK har intervjua opplevde at familien fekk besøk på døra etter at han i Noreg hadde ytra seg kritisk til regimet i heimlandet.
- Diskreditering og skam: Fleire informantar fortel i rapporten Press og kontroll om trugslar, men også hendingar der det internt i det eritreiske miljøet blir sett ut rykte eller delt skamfulle bilete av personar som er kritiske til regimet.
Fleire rapportar fortel om liknande aktivitet i andre land. Human Rights Watch er ein av organisasjonane som omtalar dette.
Svekka tillit til norske styresmakter
Eritreas aktivitet er først og fremst ein trugsel mot norsk-eritrearar, og i mindre grad ein trugsel mot den norske stat og nordmenn.
Rapporten «Press og kontroll» fortel at fleire norsk-eritrearar har manglande tillit til Noreg, og at dei opplever lite forståing for situasjonen dei står oppi.
Eit døme er Noregs krav om å ha vitnemål frå heimlandet om ein vil inn i det norske utdanningssystemet. Å få tak i vitnemålet medfører mellom anna at ein eritreisk flyktning må ta kontakt med regimet, betale to-prosentskatten og plikte seg til å vere lojale.
Eit anna døme er episodar der norsk-eritrearar fortel at dei opplever at deira frykt for regimet ikkje blir teke på alvor av norsk politi når dei melder frå om dødstrugslar.
Rapporten, som vart laga av Proba samfunnsanalyse i 2020, understrekar at det trengst meir forsking og innsikt i miljøa for å kunne kartlegge omfanget av påstandane som informantane kjem med.
Det var kunnskapsdepartementet som bad om å få utarbeida rapporten, som også omhandlar fire andre innvandrargrupper som opplever press og kontroll i Noreg.
Dåverande kunnskaps- og integreringsminister, Guri Melby (V), var ansvarleg for å følge opp rapporten. Då den vart lagd fram uttalte Melby til Vårt Land at rapporten var «veldig alvorleg».
Eit år etterpå vart NRK kontakta av personar tett på det norsk-eritreiske miljøet som meinte at regjeringa berre hadde gløymd heile rapporten.
Melby nekta då å svare på NRK sine spørsmål om kva regjeringa har gjort for å følge opp påstandane og dokumentasjonen som kjem fram i rapporten.
Dagens Eritrea – eit brutalt militærdiktatur
Eritrea har etter sjølvstende i 1992 utvikle seg til å bli eit av verdas mest lukka land, og har i 31 år vore styrt av diktator Isaias Afwerki. Han styrer landet ved hjelp av omfattande militær kontroll.
Eritrea er ein av Russlands støttespelarar i Afrika, og har handla mykje våpen frå Russland.
Eritreas president, Isaias Afwerki, og Russlands president, Vladimir Putin, har lenge vore kvarandre sine støttespelarar.
Foto: APSamtidig har Eritrea peikt ut USA som sin store motstandar, og ved å skape eit tydeleg fiendebilete har president Afewerki skapt grunnlag for å oppretthalde ei av verdas mest omfattande militærtenester. Både kvinner og menn risikerer militærteneste på livstid.
Eritrea var også innblanda i krigen i den etiopiske delstaten Tigray, der dei vart skulda for grove krigsbrotsverk. Partiet TPLF, som er mektige i Tigray og som lenge styrte regjeringa i Etiopia, har vore Eritreas hovudmotstandar sidan frigjeringskrigane på 80- og 90-talet.
Etiopias statsminister og fredsprisvinnar Abiy Ahmed fekk kritikk for å sleppe til Eritrea i krigen.