Headingar rett over mål, fleire redningar på streken og ein god Åsane-keeper stoppa Florø frå å ta tre poeng. Bortelaget var effektive og sikra eit viktig poeng i kampen mot nedrykk.
Men for Florø fekk Halvor Utkilen Solheim-Olsen si første scoring sidan Florø slo Stort 6–3 borte, 16. april i fjor.
– Endeleg. Det var herleg å endeleg få seg ei scoring, eg har sakna det. Men det er utruleg skuffande at vi ikkje klarar å vinne kampen, seier Solheim-Olsen etter kampen.
- Les også:
Hurtig kontring
For i begge omgangane var det heimelaget som var best, men gjestane som fekk det første målet etter ein dryg time. Erik Huseklepp vart spelt fri på kanten og sette fart framover. Inn i feltet kom Simen Lassen på eit langt løp og kom seg framfor forsvarsspelarane til Florø og styrte inn 1–0.
– Vi kan vera godt nøgd med uavgjort. Florø var hakket betre enn oss, seier Huseklepp til NRK.
For berre ti minutt etter målet til Åsane kom utlikninga. Eit perfekt slått innlegg frå Peter Aase enda hjå Halvor Utkilen Solheim-Olsen på bakre stolpe, som banka ballen i mål.
– Vi var det klart beste laget og dei har ein sjanse og den scorar dei på. Målet var godt spel av dei, men eg er skuffa over å ikkje vinna. Men vi er veldig mykje betre enn dei, det tar vi med oss, seier Florø-trenar Terje Rognsø.
For bortelaget kjem det eine poenget godt med. Dei kjempar om å unngå nedrykk og med tre kampar att har dei seks poeng ned til Fredrikstad som ligg på kvalikplass, før Fredrikstad har spelt.
– Slår vi Tromsdalen heime i neste kamp trur eg mykje er gjort med tanke på å spela i divisjonen til neste år og, seier Åsane-trenar Mons Ivar Mjelde.
Best før kvilen
Heimelaget var det beste før kvilen og nærast scoring kom Luc Jeggo etter ein corner frå Endre Kupen. Åsane sin keeper fekk slått ballen unna frå streken og den hamna i beina på Jeggo. Skotet var godt, men ein lagkamerat stod på streken og hindra at dei tok leiinga.
Endre Kupen var også nære på etter eit innlegg, men litt for små sko gjorde at han ikkje nådde fram. Elles hadde debutant frå start, Eirik Høydal, eit skot som gjekk via ein forsvarar og rett i henda til keeper.
- Les også:
Tung periode
Begge laga hadde i forkant av kampen vore gjennom ein tung periode. Åsane gjekk frå slutten av juli til førre serierunde mot Elverum før dei klarte å vinna ein kamp. Florø har ikkje vunne sidan dei slo Mjøndalen 5–0 heime, 16 august. Der scora Endre Kupen fire mål, men sidan det har det gått tungt. Før kampen mot Åsane hadde han gått 360 minutt utan scoring, og sist mål kom heime mot Tromsdalen i 1–1-kampen i september.