Hopp til innhold

Trur maset om opprykk har sett sitt preg

FLORØ – RANHEIM 1-1: Med ei lang tå berga Runar Hove eitt poeng for Florø. Men etter fem kampar på rad utan siger spøker det for draumen om kvalikplass. Trenaren trur maset om opprykk kan ha slått dårleg ut.

Brødrene Erlend og Runar Hove jublar etter skåring mot Ranheim

JUBLA: Erlend Hove (lengst til venstre) jubla over at broren Runar (nummer to frå venstre) til slutt fekk pirka inn ballen i nettmaskene.

Foto: Truls Kleiven

– Eg trur kanskje maset rundt eliteseriespel har tynga spelargruppa litt. Det synst eg at eg har sett litt i ein del av prestasjonane, seier Florø-trenar Terje Rognsø til NRK søndag ettermiddag.

Han hadde sendt laget sitt på bana med grei beskjed om å gje litt meir blaffen, men fekk i staden sjå eit lag som famla dei første 45 minuttane. I pausen tok vertane seg kraftig saman. og både Rognsø og spelarane meinte dei kom klart best ut av andreomgang.

Problemet vart berre at gjestane frå Ranheim fekk den første skåringa. Med iherdig innsats i sluttminuttane fekk Runar Hove til slutt pirka inn ballen slik at laga delte poenga.

– Det er eit karaktergrep av spelarane når vi er så bakpå i første omgang, klarer å kome tilbake og til slutt får ballen i mål, seier Rognsø.

Laster innhold, vennligst vent..

Skuffa over eigen innsats

I starten av sesongen sette Endre Kupen inn mål etter mål for laget frå kystbyen, men i det siste har det kladda for både han og laget. Etter kampen i kveld er han svært skuffa over at han sjølv bomma på mål då han kom åleine med keeper.

– Eg veit ikkje kva som skjedde. Eg skulle skyte i lengste, men ombestemte meg og skaut i næraste. Det er berre heilt på trynet, seier Kupen før han legg til:

– I andre omgang køyrer vi over dei, men i første omgang er vi dårlege at det er heilt utruleg.

– Har de sjansen til å bli blant dei beste og spele kvalik om opprykk?

– Då må vi begynne å plukke trepoengarar snart. No er det fem kampar att, og det er målet, men då hjelper det ikkje med uavgjort.

Spelarane kastar seg over Runar Hove etter skåringa i kampen mot Ranheim

BERGA EITT POENG: Runar Hove var sjølv svært godt nøgd med å endeleg klare å få ballen i nettet. Her kastar lagkameratane hans seg over han etter 1-1-skåringa.

Foto: Truls Kleiven

– Vi kan overraske alle

– Vi har hatt ein del mållause kampar no, så då er det herleg å få eit mål, seier målskårar Runar Hove.

– Klarer de kvalikplassen?

– Vi kan overraske alle, og vi er gode nok til å slå alle.

Hove gir trenar Terje Rognsø rett i at alt pratet og fokuset på kvalifisering til eliteserien kan ha sett sitt preg på ein del av laget.

– Det er så stor patriotisme her i Florø. Dei fleste kjenner alle, og snakkar om opprykk heile tida. For meg har det ikkje hatt noko å seie, men det er sikker spelarar som reagerer på det, seier Hove.