Hopp til innhold

Herfrå blir fleire tusen eldre overvaka

Alarmsentralen i Florø passar på 2300 eldre døgnet rundt. «Overoptimistisk» å sette eldre under overvaking, meiner professor.

Inger Elise Grotle

PÅ VAKT: Inger Elise Grotle er ansvarleg for velferdsteknologi hjå Alarmsentralen i Florø. Her jobbar det 13 personar.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

– Vi har kanskje berre sett starten, seier Inger Elise Grotle ved Alarmsentralen i Florø.

Sentralen som er eigd av 24 kommunar, passar døgnet rundt på 2300 eldre og andre omsorgstrengande.

Ustanseleg kjem det inn alarmar. I snitt går alarmane av mellom 80 000 og 100 000 gonger årleg. Dei aller fleste er falske.

Mange eldre trykker på alarmane med uhell, hjelp til mindre gjeremål, eller rett og slett fordi ein er einsame og treng nokon å snakke med.

– Då svarar vi på alarmane, avklarer at dei har det fint, seier Grotle.

Er det bruk for hjelp går beskjeden vidare til kommunen sine folk på vakt.

– Enden på utviklinga har vi ikkje sett

I framtida vil ein stad mellom 25 og 40 prosent av arbeidsstyrken måtte jobbe innan helse og omsorg, varslar SSB.

Årsaka er stadig fleire eldre og krava vi stiller til velferdstenestene.

Ap og Høgre trur ny teknologi ikkje berre kan gjere dei eldre tryggare, men også dempe det enorme behovet for arbeidskraft.

– Enden på utviklinga har vi ikkje sett, snart kan ein få kamerateknologi som følgjer med om folk ramlar, eller ikkje er i senga si, seier Grotle.

– Må tenke gjennom

I dag har kring 100 000 menneske ei form for demens i Noreg, om 30 år ventar ein at talet har auka til 238 000.

Dette er ei av årsakene til auken.

Kamera oppdagar om eldre er i trøbbel heime, dør- og vindusalarmar går av om folk går ut om natta, og satellittsendarar kan finne eldre som går seg vekk.

Matter i senga lagar alarm om folk ramlar ut, eller det kjem urin i senga.

Men professor ved senter for omsorgsforsking, Oddvar Førland, meiner politikarane er overoptimistiske om kva teknologien kan utrette.

– Truleg er det ikkje kostnadsreduserande, tvert om kan det krevje meir oppfølging.

Falske alarmar og utrykkingar tek tid for helsepersonellet. I tillegg må nokon overvake alarmane, og gi opplæring.

– Vi bør tenke gjennom kva type eldreomsorg vi vil ha i framtida. Teknologien kan ikkje hjelpe folk å bevege seg, få mat og drikke, eller skaffe hjelp på toalettet, seier Førland.

Slik blir utviklinga i talet på personar over 65 år i Noreg:

(Kjelde: SSB)

Uroa over utviklinga

Også Martin Malkenes i Blindeforbundet Sogn og Fjordane er uroa. Mange eldre slit med synet, og strevar med å lære seg korleis teknologien verkar.

– Vår erfaring er at opplæring i hjelpemiddel er mangelfull, eller ikkje prioritert kring om i landet, seier Malkenes

Martin Malkenes

UROA: Martin Malkenes i Blindeforbundet.

Foto: Privat

Datatilsynet har ansvaret for regelverket.

– Overvaking er eit negativt ladd omgrep, men det er å sette det i rett perspektiv, seier seksjonssjef Camilla Nervik.

Samtykke er hovudregelen ifølgje helselovgjevinga, men om ein ikkje kan samtykke finst det ein rekke reglar.

– Det er mange som ynskjer seg teknologien sjølv, det beste er om ein kan vere med å bestemme. Om folk ikkje kan må det skje i tråd med lovverket der det finst ei rekkje heimlar, seier Nervik.

Camilla Nervik, seksjonssjef i seksjon for offentlig tjenester i Datatilsynet.

DATATILSYNET: Camilla Nervik er seksjonssjef for offentlege tenester.

Foto: © Ilja C. Hendel