Hopp til innhold

Filma huset i full fyr klokka 23.06 - få minutt etter dei første meldingane om brann

Berre minutt etter at den første meldinga om brannen i Lærdal kom til naudetatane fekk Jan Erikstad festa dramaet på tape. Videoen frå klokka 23.06 fortel om ein dramatisk brann som allereie hadde slukt bustadhuset.

Videoen viser det første huset som byrja brenne i Lærdal og er filma klokka 23.06. Berre minutt etter at brannvesenet fekk den første meldinga ser ein korleis huset står i full fyr.

STOD I FULL FYR KLOKKA 23.06: Den første delen av videoen over er filma klokka 23.06 og viser at det er full fyr i bustadhuset der brannen starta. Den siste delen er filma tre minutt seinare, klokka 23.09, då er huset heilt tapt. FOTO: Jan Erikstad.

– Då vi kom fram til huset var det meir eller mindre overtent, seier Erikstad om dei dramatiske bileta på mobiltelefonen sin.

Han minnast med gru den dramatiske natta for nokre dagar sidan. Klokka 22.54 laurdag kveld fekk politiet den første meldinga om det som skulle bli den største brannen i Norge sidan krigen.

Meldinga gjekk ut på at eit hus stod i brann, og brannvesenet som først kom til forstod at den kom til å spreie seg.

Erikstad var på besøk nokre hus bortanfor, og han og venene fatta mistanke då dei lukta røyk og etter kvart såg open eld lenger vekke. Kort tid etter var dei utanfor det brennande huset.

– Det brann omtrent i alle endar, fortel Erikstad.

Den første delen av videoen over er filma klokka 23.06 og viser at det er full fyr i bustadhuset der brannen starta. Tre minutt seinare, klokka 23.09 er huset heilt tapt.

Dei første husa i Lærdal som stod i brann, klokka 23.51 og dagen etterpå

STORBRANN: Montasjen syner dei første husa som stod i brann. Huset som først byrja brenne er nummer to på rekka sett frå kamera. Bilete til venstre er teke klokka 23.51 laurdag kveld, medan bilete til høgre er frå dagen etter. Ein ser tydeleg at det første huset som byrja brenne hadde rasa saman vel ein time etter at brannen vart meld.

Foto: Jan Erikstad

Vinden spreidde flammane raskt

Erikstad dokumenterte dei veldige flammane med mobilen, og bileta og videoen teken klokka 23.06 viser tydeleg korleis flammane stod ut gjennom taket.

– Vi fekk stadfesta at dei som budde i huset var trygt ute, og prøvde deretter å hjelpe så godt som vi kunne. Med å få ut brannslangar for brannvesenet og slike ting, fortel Erikstad.

Etter at dei første meldingane om brannen kom klokka 22.54 rykte Lærdal brannvesen raskt ut, og av loggen går det fram at første brannbil var på plass 22.59. Utrykkingsleiaren frykta raskt enorme skader.

På kort tid spreidde brannen seg til fleire hus, og alle som budde på Øyri vart evakuerte. Fleire har skildra det som flaks at ingen miste livet, men til alt hell vart det berre materielle skader. Onsdag er dei siste tala at 40 bygningar er totalskadde, av dei 17 bustadhus.

(Artikkelen held fram under)

Videoen er filma klokka 00.50 natt til søndag, og viser at det første huset som byrja brenne allereie er jamna med jorda. Det same er to nabohus, medan eit tredje (nærast kamera) er i ferd med å bli slukt av flammane.

Videoen er filma klokka 00.50 natt til søndag, og viser at det første huset som byrja brenne allereie er jamna med jorda. Det same er to nabohus, medan eit tredje (nærast kamera) er i ferd med å bli slukt av flammane.

Prøvde hjelpe med det dei kunne

Jan Erikstad var blant dei aller første som kom til brannen. Som ein av mange innbyggjarar den natta prøvde han hjelpe til med sløkkinga. Men då dei kom til det første huset skjønte dei fort at det kom til å bli vanskeleg.

– Den eine brannbilen kom nesten samtidig med oss. Vi skjønte ikkje alvoret med det same, men det bles godt, så vi tenkte at det kunne bli alvorleg, seier han.

Han fortel at det raskt var mykje folk på plass, både frå brannvesenet og andre i nabolaget.

– Det bles veldig, og faren for at brannen skulle spreie seg var stor. Brannvesenet hadde vanskelege forhold.

– Kva gjorde alle de som kom til?

– Det var eigentleg vanskeleg å få gjort noko. Eg fekk tak i ein slange og spylte opp etter naboveggen, men det var avgrensa kva vi fekk til.

(Artikkelen held fram under)

Jan Erikstad filma dramatikken i Lærdal natt til 19. januar 2014.

FILMA FLAMMEHAVET: Jan Erikstad brukte både mobiltelefonen og kamera for å feste storbrannen i Lærdal på film.

Politiet veit kor brannen starta

Politiet har fått hjelp frå både nabodistrikta og Kripos med å løyse branngåta.

Onsdag stadfesta politiet ovanfor NRK.no at brannen starta i dette bustadhuset i Kyrkjeteigen.

– Vi er sikre på kva hus brannen starta i, og fokuserer sjølvsagt etterforskinga dit, både taktisk og teknisk, sa regionlensmann i Sogn, Åge Løseth onsdag ettermiddag.

– Klar oppfatning av kor i huset brannen starta

Åge Løseth

ETTERFORSKNING: Regionlensmann i Sogn, Åge Løseth, seier alle branntomtene no er frigitt. Med unntak av tomta der politiet er sikre på at brannen starta.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Torsdag seier Løseth til NRK.no at dei tekniske undersøkingane på branntomta vart avslutta like før klokka 16 onsdag. Brannteknikarar frå Hordaland og Kripos får no reise heim. Materiale frå branntomta blir no analysert ved laboratoriet til Kripos i Oslo. Løseth seier dette arbeidet kan ta tid.

– I den grad det er mogleg å fastslå sikker årsak, har teknikarane innhenta det materialet ein treng. Dei har tatt med seg alt dei meiner kan ha betydning, seier Løseth til NRK.no.

Alle branntomtene, med unntak av der brannen starta, er no frigitt av politiet, og tilbakeført til huseigarar, forsikringsselskap og kommunen.

Løseth seier også at politiet har danna seg eit klart bilete av kor i det første huset brannen starta.

– Vi har ei ganske klar oppfatning av kor i huset brannen starta, seier Løseth som ikkje vil kommentere brannårsaka nærare.

– Vi var makteslause

Erikstad seier det er vanskeleg å tidfeste kor fort brannen spreidde seg. Men av bileta hans går det fram at det første huset var heilt tapt rundt midnatt. Då stod husa på begge sider i full fyr.

Sjølv kjente han seg makteslaus mot dei veldige flammane og bestemte seg for å finne fram kameraet.

– Alle hadde lyst til å hjelpe. Nokon hadde bøtter, andre river, men det vart stussleg mot denne brannen. Gneistane stod rundt oss og spreidde seg i alle retningar. Vi var makteslause.

– Eg tenkte eg ville dokumentere det som ikkje berre var ein brann i Lærdal, men «brannen» i Lærdal. Eg følte på at det var det eg kunne bidra med, seier han.

(Artikkelen held fram under)

Jan Erikstad gjekk rundt i fleire timar for å feste branninfernoet på film.

FILMA BRANNEN HEILE NATTA: Jan Erikstad vart gåande rundt i fleire timar for å fange den dramatiske storbrannen i Lærdal på film.

– Trudde det var slutten for bygda

I 01-tida byrja Erikstad å flytte seg rundt i Lærdal for å feste det som skjedde på film og bilete. Brannen førte til at straumen forsvann, men den mørklagde bygda var likevel opplyst av ein raud himmel.

Brannen var lenge heilt ute av kontroll og folk har fortalt om ein storm av gneistar som sette fyr på hus etter hus. Oppetter fjellsida stod gras og tre i brann fleire stader, og mange frykta storbrannen skulle bli umogleg å stogge.

– Slik som brannen utvikla seg var eg ganske sikker på at dette var slutten for store delar av bygda. Den frykta var drivkrafta for å halde fram med å ta bilete, seier han og seier han heldt på fram til klokka var nesten 06 om morgonen søndag.

Rørt over all hjelpa dei har fått både under og etter brannen

Hans største frykt var at liv skulle gå tapt. I tillegg uroa han seg for dei store kulturhistoriske verdiane som kunne gå tapt om ikkje brannvesenet fekk kontroll. Fasiten i etterkant er at ingen personar kom alvorleg til skade, men 40 bygg har gått tapt. Av desse er 17 bustadhus.

Tre av husa som er nedbrende er verneverdige hus, og då representantar frå Riksantikvaren var på synfaring onsdag uttrykte dei stor sorg for tapet.

Erikstad seier storbrannen har gått inn på alle i kommunen, og fortel at det har vore sterkt å sjå korleis folk har stått saman. Ikkje berre lærdølane, men også folk frå nabokommunar og andre stader. Både då flammane herja, og etterpå.

– Det som greip meg veldig var å sjå kor mange som stilte opp då brannen herja. Eg kjente at folk frå nabokommunane, såg Bergen brannvesen og skumbilen frå flyplassen i Sogndal. Folk stilte opp og vi fekk hjelp frå svært mange, det var fantastisk, seier han.

– No er brannen samtaleemne blant alle, og vi er alle takksame for at det gjekk så bra, seier han.