Hopp til innhold

Utrykkingsleiaren frykta raskt enorme skader

Det som byrja som ein enkelt bustadbrann, utvikla seg raskt til ein av landets største brannar i den kraftige vinden. – Du kjende deg makteslaus, seier utrykkingsleiar Kjell Inge Sanden.

Kjell Inge Sanden og brannvesenet i Lærdal forstod raskt at brannen dei rykte ut til ville gjere enorme skader.

SJÅ: Kjell Inge Sanden var utrykkingsleiar for Lærdal brannvesen. Han forstod raskt at bustadbrannen dei rykte ut til kunne bli svært alvorleg.

Brannen i Lærdal er den største på 45 år i Norge. 14. mai 1969 gjekk 24 bygningar, og verdiar for mellom 50 og 100 millionar kroner, opp i røyk i Tromsø.

Utrykkingsleiar Kjell Inge Sanden i Lærdal brannvesen forstod raskt at det kunne bli dimensjon av bustadbrannen han rykte ut til laurdag kveld. Brannen kan ha gjort skade for over 100 millionar kroner.

– Eg kom til brannstasjonen etter tre og eit halvt minutt. Då var det allereie overtenning på det første huset. Vinden var mykje kraftigare enn no, så eg skjønte den ville spreie seg, seier Sanden.

23 nedbrende bygg

Politibetjent Stein Helge Selland

TILFELDIG: Politibetjent Stein Helge Selland.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Så langt blir det rapportert om 23 nedbrende bygningar i Lærdal. Av desse er 16 bustadhus. I tillegg er truleg fleire bustadhus så skadde at folk ikkje kan vende heim.

Av bygningane som har gått opp i flammar, er også fleire næringsbygg.

– Det spesielle i denne brannen er at flammane ikkje nødvendigvis har smitta over på nabohus, men gjerne «hoppa» over fleire bygningar. Det er tilfeldig kven som har råka, seier politibetjent Stein Helge Selland.

– Du er makteslaus

Branntomt i Lærdal.

SLØKKING: Brannmannskap jobba søndag iherdig for å få sløkt alle brannane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I den kraftige vinden kjempa naudetatane og frivillige ein lang kamp mot flammane.

Kraftig vind og mørkret gjorde at brannhelikopter ikkje kunne rykkje ut og hjelpe til i brannsløkkinga. Kampen mot flammane måtte dei ta på bakkenivå.

– Det var heilt forferdeleg. Du er makteslaus i den vinden. Det er stort sett gamle hus, og dei tek fort fyr. Det tek tre-fire minuttar, så er dei overtende, seier utrykkingsleiar Sanden.

– Hadde langt frå kontroll

Brannmannskap frå Indre Sogn, samt Gol og Hemsedal vart raskt kalla til staden. Så slutta også brannvesenet i Voss og Bergen seg til arbeidet med å sløkkje brannen som lenge var ute av kontroll i Lærdal.

Storbrann i Lærdal

RUINAR: Lærdal vakna søndag opp til eit trasig syn etter flammane sine herjingar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Den kraftige vinden førte brennande element kring om i bygda og stadig fleire hus byrja å brenne. Det gjorde det krevjande å både sløkkje og hindre nye brannar.

– Først bles vinden rett nedover, så det tok fyr i fjellsidene. Så snudde vinden og bles på skrått mot elva. Vi hadde langt ifrå kontroll, men så løya vinden og det vart betre, fortel Sanden om kaoset.

– Kva tankar du gjer deg om det som har skjedd?

– Det er heilt forferdeleg å sjå slike verdiar forsvinne. Ein blir totalt makteslaus. Heldigvis ser alle ut til å ha kome ut av husa.

Frykta brannen

Måndag morgon var 23 framleis innlagde ved sentralsjukehuset i Førde og sjukehuset i Lærdal. I alt 450 personar kontakta sjukehuset i Lærdal, av desse vart kring 140 sjekka av lege.

Frode Johnsen Finstad var ein av dei kring 200 personane som vart evakuerte frå husa sine. Han prisar seg lukkeleg over at det ikkje gjekk liv tapt.

– Ein slik brann har vi frykta. Det har jo gått på folkemunne at dersom vi skulle få ein brann på austavind, så ville heile gata reise. No ser det heldigvis ut som om den ikkje gjorde det, seier Johnsen Finstad.