Hopp til innhold

Ryk framleis fire dagar etter brann

Fleire dagar etter storbrannen i Lærdal oppdagar innbyggarane framleis stader der det ulmar og ryk.

Created by InfoDispatcher

Natt til onsdag måtte Sivilforsvaret og brannvesenet rykkje ut til den kommunale kompostplassen i Lærdal, etter at det var oppdage ein ny ulmebrann.

– Ja, dei måtte til igjen i natt, seier Ragnar Kvamme Tokvam.

Ulmebrann i Lærdal

NY ULMEBRANN: Fleire dagar etter storbrannen i Lærdal oppdagar innbyggarane framleis stader der det ulmar å ryk.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Sundag var han med å sløkke brann på same staden. I dag er han altså på plass igjen med gyllevogn fylt med vatn, for framleis kan ein finne små ulmebrannar

– Ja, det gjere det. Det tar seg opp igjen, men det er ikkje noko fare dette. Men me får dynka det skikkeleg, så me får slutt på det.

Natt til sundag var han ein av mange som stilte med traktor og gyllevogn for å hjelpe til i kampen mot flammane. I alt 40 bygg er registrerte som totalskadde etter storbrannen. Av dei er 17 bustadhus og mange er no huslaus.

– Då telefonen ringe klokka 23:15 så var det berre å hive seg i skoa og kome seg av garde.

– Korleis var det å vere med på det infernoet som mange beskriv det som?

– Det var nærast uverkeleg på ein måte, men ein lyt berre kome seg i gang og få gjort det ein kan.

– Det var jo mange bønder med gyllevogner som stilte opp, korleis trur du det hadde gått om de ikkje var her?

– Nei, sei det. Alle som var her med vognene sine køyrde alvorleg store mengder vatn. Alle har gjort ein stor innsats for å få sløkt brannen.