Har fått fellingsløyve på sauedrepande ulv

Fleire drepne sauer gjer at det no er gitt fellingsløyve for ein ulv i Høyanger, Hyllestad og Fjaler. Men sjansen for å finne rovdyret er svært liten, meiner Statens naturoppsyn.

Sau drepen av ulv på Lavikdalen i Sogn

OFFER FOR ULVEN: Denne sauen blei funne i fjellområdet der det no skal jaktast på ein ulv.

Foto: SNO, rovviltseksjonen

Den siste tida har sauebøndene i fjellområda mellom Ytre Sogn og Sunnfjord funne stadig fleire sauekadaver. No har Statens naturoppsyn (SNO) stadfesta at det er ulven som har vore på ferde og at det truleg er den same ulven som har gjort skade i området før.

Rovviltansvarleg i SNO, Rein Arne Golf, reknar det som sannsynleg at ulven er ein eller annan stad i det store fjellområdet. Men det blir vanskeleg å få rovdyret i kikkertsiktet, særleg no før snøen kjem.

– Kjenner området

– Dersom ulven har vore der ute over tid, så har han også lært seg til å kjenne området veldig godt. Han er veldig sky for folk og han har veldig god kontroll. Han er nok vanskeleg i å kome i posisjon til å få ei god felling på, seier Golf til NRK.

For sauebøndene i området fører ulven og funn av daude sauar til ein vanskeleg situasjon. Dei har no eit håp om at eit fellingslag skal finne ulven, men dei ber også andre som ferdast i fjellet om å sjå etter ekskrement, hår og spor.

– Stor frustrasjon

– Vi i beitenæringa føler at det må settast inn meir ressursar. Vi håpar også at SNO skal kome sterkare inn og fått tatt ut dette dyret, seier Ove Sørestrand i Høyanger nordside beitelag.

Han meiner at det er på høg tid at ulven som truleg har vore i området over eit år, no blir felt. Bøndene har funne mange kadaver, sjølv om berre eit fåtal er stadfesta drepen av ulv.

– Det er stor frustrasjon i næringa når ein finn dyr på denne måten. Korleis ulven har herja er ikkje så godt å vite, seier Sørestrand.

Jegerane må vere på liste

Det er svært mange hjortejegerar i fjellterrenget der det no skal jaktast ulv og SNO er nøye på at det ikkje er slik at alle med jaktrifler kan delta i ulvejakta.

– Det er krav om at jegerane skal vere oppført på ei liste på førehand, så det er ikkje for kvar og ein som er jeger i området der å felle ulven. Dei skal vere listeført før dei reiser ut på skadefellingsforsøk, slår Rein Arne Golf i SNO fast.