Hopp til innhold

Mistenker funn av frykta dyresjukdom: – Det er alvorleg

Midt i den travlaste hjortejakta har veterinærar testa ein daud hjort med symptom på den frykta sjukdomen skrantesjuke.

Hjort

POPULÆR JAKT: Det er venta at om lag 50.000 hjort blir felt i årets hjortejakt i Noreg. Mange av dyra blir sjekka for skrantesjuke.

Foto: Heiko Junge / NTB

Hjorten blei felt 11. september i Etne og gav utslag på innleiande testane. No skal det gjerast fleire analysar for å stadfeste eller avkrefte mistanken.

– Eg må understreke at dette førebels berre er ein mistanke, men for å vere føre var, jobbar vi mellom anna på staden for å fjerne eventuell smitte i terrenget der dyret vart felt, seier Anne Marie Jahr, seksjonssjef dyrehelse i Mattilsynet.

Skrantesjuke, eller Chronic Waste Disease (CWD), som det blir kalla, er 100 prosent dødeleg for hjortedyr. Men det er aldri påvist smitte til menneske, verken frå levande dyr eller kjøt.

Sidan 2016 er over 130.000 hjortedyr testa for skrantesjuke.

Mattilsynet oppmodar alle som ferdast i skog og mark, og som ser sjuke eller døde hjortedyr, å melde frå til Mattilsynet.

– Symptom på skrantesjuke er avmagring, hyppig urinering og unormal åtferd, til dømes dyr som ikkje skyr menneske.

– Det er alvorleg

Eivind Frette er leiar i viltutvalet i Etne kommune og sjølv ivrig hjortejeger. Han vonar i det lengste at det ikkje er den frykta sjukdomen.

– Det er veldig uheldig om det skulle vise seg å vere det, det er alvorleg. Det er ikkje farleg for folk slik sett, men for dyra er det ei kjempeutfordring.

Hjortejakta er stor, ikkje minst på Vestlandet. I fjor blei det felt rett i overkant av 50.000 dyr i Noreg.

– Hjortejakta blir i utgangspunktet ikkje avgrensa, men vi må berre sjå kva som kan gjerast. Så må vi ta det derifrå. Hjortejakta er viktig, slår Frette fast.

Mattilsynet har vore i kontakt med jegeren som felte det sjuke dyret.

Dei jobbar no for å samle inn meir materiale frå dyret som kan analyserast vidare. Eit endeleg prøvesvar er venta i veke 38.

Fann smitte på vidda

I september i fjor blei det funne skrantesjuke hos ei sjuk reinsimle på Hardangervidda.

Det var første gong at skrantesjuka er påvist på villrein utanfor Nordfjella.

– Dette er ein alvorleg situasjon. Derfor er det ekstremt viktig at vi no vel den riktige strategien og finn dei riktige tiltaka framover, sa landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) til NRK då dette blei kjend.

Norske styresmakter har hatt eit mål om å hindre spreiing og bli kvitt den alvorlege dyresjukdomen heilt sidan det første tilfellet vart oppdaga i 2016.

Vinteren 2017 og 2018 vart heile villreinstammen i sone 1 i Nordfjella slakta ned etter at det vart oppdaga skrantesjuke. Over 2000 villrein vart felt i den statlege nedskytinga.

Denne hausten og vinteren vart meir enn 2000 villrein i Nordfjella skotne og drepne, på grunn av den dødelege dyresjukdommen skrantesjuke (CWD).
Vi følger lokale jegarar under den siste villreinjakta på mange år - og statlege jegarar som har fått den krevande jobben med å utrydde ein heil villreinstamme.

I mars 2018 sende NRK dokumentaren om nedslaktinga av meir enn 2000 villrein i Nordfjella s, på grunn av den dødelege dyresjukdommen skrantesjuke (CWD).