Hopp til innhold

I 2018 kom han på tredje plass i hoppveka – i år må Fannemel følgje den gjennom TV-skjermen

– Det er kjedeleg å ikkje få konkurrere, seier Anders Fannemel. På grunn av skade må 28-åringen for første gang sidan 2012 stå over den mest prestisjetunge hoppkonkurransen.

Anders Fannemel

SPENT: Anders Fannemel, her frå ein tidlegare juleferie i Hornindal, har mykje hardt arbeid føre seg om han skal klare målet om eit comeback i verdscupen neste sesong. – Det er ein ganske heftig jobb å trene opp att muskulaturen, seier han.

Foto: SILJE GUDDAL / NRK

Honndølen debuterte med 18. plass i samandraget sesongen 2012/2013. Sidan har Anders Fannemel vore fast inventar både på landslaget og i hoppveka. Men ikkje i år.

Etter ein alvorlege kneskade i juli, handlar alt om å bli frisk nok til å flyge langt att.

– Det er veldig uvant å ikkje ta juleferie for så å gjere seg klar for hoppveka, vedgår han.

16 veker på krykke

Plastrennet i Polen gjekk utover korsbandet og menisken. Det har blitt tre operasjonar, 16 veker med krykkjer og ein haust og vinter langt utanom det vanlege.

Fannemel vart nummer tre under hoppveka 2017/2018

PALLEN: Anders Fannemel vart nummer tre i samandraget for to år sidan. I 2016 vart han nummer 8, medan han året før vart nummer 11.

Foto: Terje Bendiksby / NTB Scanpix

Etter ein litt lenger juleferie enn vanleg heime på Fannemel, reiser 28-åringen til Lillehammer for å følgje den tradisjonsrike hoppveka.

Etter sju hoppveker er han vel klar over kva han går glipp av.

I 2018 var Fannemel tredje beste hoppar i konkurransen som blir rekna som den mest prestisjetunge innan skihopping.

– Det er artig å vere del av sirkuset. Spesielt i Obersdorf. Atmosfæren der er unik. Folk har nett feira jul, dei er klare for hopprenn og tribunene er stappfulle. Det er eitt av dei mest morosame renna i året, seier han.

Godt med ekstra dagar

Hopparane feirar nyttår 2018/2019.

NYTTÅRSFEIRING: Andreas Stjernen, Robert Johansson, Johann André Forfang og Anders Fannemel før dei gjekk til bords for å feire nyttårsaftan i Garmisch Partenkirchen i fjor.

Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

Og så er det nyttårsfeiringa og nyttårsrennet i Garmisch-Partenkirchen.

– Det blir uvant å ikkje feire nyttår med hopplaget, seier Fannemel.

– Har du vurdert å reise ned?

– Nei, det har vore litt for mykje styr med kneet. Det er tett på operasjonar og uvisst kor bra kneet fungerer.

– Så gjer det godt med nokre ekstra dagar juleferie heime i år, held han fram.

Langsamt framover

Dagane byr på timar med tøy, bøy og styrketrening. Framgangen har ikkje vore så stor som han håpa på. Kneet er stivt, og langt frå like bevegeleg som før.

– Eg hadde håpa å vere litt raskare til beins enn eg er, men siste operasjonen var positiv. No ser eg moglegheit for å trene meir og meir vanleg, seier han.

Siste operasjonen var for eitt par veker sidan. Mykje skal klaffe for å nå målet om å hoppe til sommaren, og comeback i verdscupen neste sesong.

– Då må eg gjere mykje veldig bra og rett og ha litt flaks. Eg håpar det blir litt meir flyt frå no av, seier han.

Bestemt

For tilbake i bakken skal han.

– Eg har sett andre utøvarar aldri kome opp att på nivået etter skadar. Eg er budd på at det kan bli vanskeleg å komme på verdscupnivå att, men eg er bestemt på å få det til, seier han.

I haust har han fått jobb som trenar for hopparane til NTG Lillehammer.

– Det er kjekt, og ein lærer mykje av å sjå og høyre kva andre skihopparar tenkjer. Det kan godt vere at eg lærer meir om skihopping dette året, enn eg har gjort til no. Eg håpar eg tek med meg noko ut av det, avsluttar han.