Hopp til innhold

Fannemel får vere med i hoppveka

Anders Fannemel (21) er teken ut til den tysk-austerrikske hoppveka. Men det blir han den andre hopparen frå Sogn og Fjordane som får vere med i hoppeveka nokon sinne.

Anders Fannemel

KLAR: 21-åringen frå Hornindal blir den første hopparen frå Sogn og Fjordane som får vere med i hoppveka. Neste helg sit han på bommen i Oberstdorf.

Foto: NTB SCANPIX / Reuters

Den unge honndølen er ein av tre debutantar på det norske laget som vart presentert av landslagssjef Alexander Stöckl på Gardermoen i dag.

21-åringen blir ein av sju nordmenn som reiser til Obsterdorf der hoppveka opnar neste søndag.

Det er over 30 år sidan ein hoppar frå Sogn og Fjordane har fått delta i hoppveka og Fannemel skriv seg dermed inn i historiebøkene. Rune Haugen frå Hafslo i Sogn deltok i den tysk-austteriske hoppveka i 1977/1978.

Norge sitt lag i hoppveka blir som følgjer:

  • Tom Hilde (Asker)
  • Anders Bardal (Steinkjer)
  • Rune Velta (Lommedalen)
  • Andreas Stjernen (Sprova)
  • Anders Fannemel (Hornindal)
  • Vegard Swensen (Asker)
  • Anders Jacobsen

Både Fannemel, Andreas Stjernen og Vegard Swensen debuterer i den tradisjonelle konkurransen.

Kor godt Fannemel gjer det er det ingen som veit enno, men NRK sin hoppekspert, Arne Scheie, har god tru på at Fannemel kan gjere det bra.

– Swensen har vore blant dei beste i Kontinentalcupen, medan Fannemel har pallplasseringar i verdscupen. Alle som er tekne ut har gode føresetnader, seier Arne Scheie til NRK.no.

Samtidig som landslagssjef Alexander Stöckl presenterte laget for hoppveka, kom også nyheita om at han har forlenga kontrakten som sjef for hopparane til etter Falun-VM i 2015.