NRK Meny
Normal

Tideldrama då Fannemel vart historisk i hoppveka

Anders Fannemel vart nummer tre samanlagt og nummer to i det siste rennet i den tysk-austerrikske hoppveka. Det gjer honndølen historisk.

Hoppuka 2017-18

HISTORISK: Anders Fannemel er den første frå Sogn og Fjordane som har hamna på pallen i hoppveka. Her er han under trening i hoppveka fredag.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Det er slike dagar ein trenar heile året for, seier Anders Fannemel til NRK då hoppveka er ferdig for denne gong.

Med 272,4 og 139,0 meter i andre omgang hamna Fannemel på andreplass i det fjerde rennet i hoppveka. Det er andre gong denne veka at han er på pallen, og det gjev han ein tredjeplass samanlagt.

– Det stemte veldig bra i begge hoppa, seier ein audmjuk Fannemel.

Etter triumfen vart Fannemel boren rundt på gullstol av dei andre hopparane.

– Det er første gong eg har opplevd det, så det var kjekt. Eg har sett andre vere med på det same, no var det min tur.

Det er også første gong i historia at ein utøvar frå Sogn og Fjordane kjem på pallen i hoppveka. Faktisk er det første gong at nokon i det heile teke er i nærleiken.

Rune Hauge i svevet i 1978

FØRRE GONG: Dette er den einaste som har vore med i hoppveka i tillegg til Anders Fannemel. Rune Hauge frå Hafslo i Sogn var med i 1978.

Foto: Privat

– Trur ikkje folk veit kor stort dette er

– Det er heilt eksepsjonelt gjort av Anders. Heilt fantastisk stort! Eg sat og såg på direkte, og måtte sjå det i reprise med ein gong for å få det ein gong til, seier Rune Hauge.

Han er den einaste frå Sogn og Fjordane som har vore med i hoppveka i tillegg til Anders Fannemel. Hauge kjem frå Hafslo og var med på hopprennet i 1978. Då hamna han ganske langt ned på tabellen. No er han strålande glad for resultatet til Fannemel.

– Eg trur ikkje folk skjønar kor stort dette er. Å vere på pallen to gonger i hoppveka er heilt enormt. Eg er mektig imponert. Han har slite litt opp igjennom, så dette unner eg han verkeleg, seier hoppveteranen.

Og det er ikkje berre sogningen som let seg begeistra frå sofakroken laurdag kveld.

– Fantastisk. Dette var morosamt!, seier den legendariske hoppkommentatoren Arne Scheie kort tid etter rennet.

Arne Scheie

NØGD: Arne Scheie er strålande nøgd med korleis Anders Fannemel gjorde det i hoppveka i år.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Han har hatt trua på Fannemel, men hadde ikkje trudd at han skulle gjere det så bra som han gjorde.

– Han vann jo nesten det siste rennet, det er heilt utruleg! Det er berre VM og OL som kanskje er litt større enn dette, hoppveka er eit prestisjerenn, seier Scheie.

Anders Fannemel på pressekonferansen etter hoppveka

GOD STEMNING: Det var god stemning på pressekonferansen etter avslutningsrennet i hoppveka.

Foto: NRK

Vart overraska av seg sjølv

Arne Scheie er ikkje den einaste som var litt overraska over kor bra Fannemel enda opp med å gjere det.

– Det verka jo ikkje så sannsynleg at eg skulle hamne på pallen samanlagt. Eg hadde vel berre ein fantastisk dag i bakken. Det var flyt ifrå første hopp, seier hopparen sjølv.

– Korleis kan ting snu så fort?

– Det er slik skihopp er, og det er slik eg er diverre. Når eg først gjer det bra, då skal det vere vanskeleg å slå meg.