Hopp til innhold

Evaluering først til hausten

Ei brei evaluering av storbrannane i Lærdal, Frøya og Flatanger kjem tidlegast i gang til hausten, vedgår Justisdepartementet.

Branntomt på Lærdal

FØRST TIL HAUSTEN: Først til hausten vil det vere klart for ei brei evaluering av den dramatiske brannen i Lærdal i januar.

Foto: Marius Arnesen / NRK

I fem månader har regjeringa lova å granske alle sidene av den dramatiske brannen som herja Lærdal i januar. Men enno er ikkje mandatet for evalueringa på plass.

Hans Røsjordet

VIL TA TID: Vedgår Hans J. Røsjorde frå Framstegspartiet som er statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet.

Foto: Larsen / SCANPIX

Før granskinga kan kome i gang, må oppdraget også ut på anbod, seier statssekretær Hans J. Røsjorde frå Framstegspartiet.

– Her må vi følgje anbodsprosedyrar og få plassert oppdrag. Så får vi kome tilbake til tidsskjema for dette, men meininga er å få dette opp å stå så fort som berre mogleg, seier han.

Har lova det same i snart eit halvt år

Akkurat det siste har regjeringa sagt i fem månader. 20. januar i år stod nemleg statsminister Erna Solberg (H) i Lærdal, såg utover dei store øydeleggingane og lova å granske alle sidene av storbrannen som hadde herja natta i førevegen.

– Vi skal alltid gjere ei etterevaluering for å lære av ting, slik at vi kan bli betre, sa Solberg då.

Ho var sterkt prega av alvoret etter at 40 bygg, mange av dei bustadhus hadde blitt slukt av dei enorme flammane.

(Artikkelen held fram under)

Brann Flatanger

SVIDDE AV STORE OMRÅDE: Brannen i Flatanger svidde av store område i månadsskiftet januar/februar i år.

Foto: Ove Magne Ribsskog

Kritisk til regjeringa

Men så langt har Justisdepartementet berre sett i gang ei snever evaluering etter storbrannane i Lærdal, Frøya og Flatanger. Denne skal granske innsatsen til Sivilforsvaret og brann- og redningsvesenet.

Hadia Tajik

KRITISK: Hadia Tajik, leiar for justiskomiteen på Stortinget, er kritisk til at det tek så lang tid å få på plass ei evaluering.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

No har regjeringa vedteke at det òg skal kome ei brei gransking av dei tre brannane.

Ei slik gransking skal omhandle førebyggjande arbeid, leiing og handtering av innsatsen, samt koordinering og samvirke mellom etatane. At den enno ikkje er komen i gang, er oppsiktsvekkjande, sa leiaren i justiskomiteen på Stortinget, Hadia Tajik, for tre veker sidan.

Ho hadde då stilt følgjande spørsmål skriftleg til justisministeren:

– No har det snart gått eit halvt år, kor lang tid tek det eigentleg å setje ned eit utval?

Tajik meinte evalueringa som er sett i gang ikkje er tilstrekkeleg.

– Viss ein berre har den type smale evalueringar, som den justisministeren har lagt opp til no, så ser ein ikkje heilskapen i redningsarbeidet. Då ser ein ikkje samarbeidet mellom politi og brannvesen, ein ser ikkje rolla til helsevesenet eller dei frivillige redningstenestene, som også gjer ein viktig jobb, sa Tajik til NRK.no.

Også Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre, har vore kritisk til det ho meier er ei snever evaluering av brannen så langt.

Vil enno ta tid

Men trass vedtak om ei brei gransking, ting dreg ut i tid. Fem månader etter storbrannane i Sogn og i Trøndelag har Justisdepartementet enno ikkje mandatet for den breie evalueringa klar.

Og før sjølve granskinga kan starte, må oppdraget ut på anbod. Mykje tyder difor på at det blir haust før sjølve evalueringa er i gang, vedgår statssekretær Hans J. Røsjorde.

– Når mandatet er klart grunnlaget for det som skal bli eit oppdrag som skal ut på anbod er klart, så vil anbodsprosessen krevje noko tid, seier han.