Hopp til innhold

For fem månadar sidan lova regjeringa brei evaluering av Lærdalsbrannen - men ingenting har skjedd

I fem månader har regjeringa lova å evaluera alle sidene av storbrannen i Lærdal, for å trekkja lærdom. Framleis kan ikkje beredskapsminister Anders Anundsen seia kor tid gransking startar.

Brann i Lærdal/Anundsen

HAR SKJEDD LITE: Trass i at det er eit halvt år etter storbrannen i Lærdal, har framleis ikkje justis- og beredskapsminister Anders Anundsen svar på når ei fullstendig evaluering av hendinga vil komme i gang.

Foto: Øystein Venås Sørensen/Håkon Mosvold Larsen / NRK/NTB Scanpix

– No har det snart gått eit halvt år, og framleis har det ikkje skjedd noko. Kor lang tid tek det eigentleg å setje ned eit utval, spør leiar i justiskomiteen på Stortinget, Hadia Tajik (Ap).

Det spørsmålet har leiaren i justiskomiteen på Stortinget, Hadja Tajik, stilt skriftleg til justis- og beredskapsminister Anders Anundsen.

20. januar, dagen etter storbrannen i Lærdal, kom Anundsen og statsminister Erna Solberg køyrande til Sogn for å sjå dei omfattande øydeleggingane.

40 bygningar brann ned til grunnen i storbrannen. I tillegg fekk fleire titals andre bygningar brann-, røyk- og vasskade.

Lova å evaluere alle sider

Brannen øydela straumforsyninga og mobilnettet, råka vassforsyninga, avløpssystemet, vegmeldingssentralen og ventilasjonen i førti tunnelar. Mellom mykje anna.

Dei lova då evaluera alle sider ved ei slik krise av nasjonalt omfang.

– Vi skal alltid gjere ei etterevaluering for å lære av ting, slik at vi kan bli betre, sa Solberg då.

Men så langt har Regjeringa sett i gang ei snever evaluering etter storbrannane i Lærdal, Frøya og Flatanger, som berre skal granska innsatsen til Sivilforsvaret og brann- og redningsvesenet. Særs uheldig, seier Tajik.

– Viss ein berre har den type smale evalueringar, som den justisministeren har lagt opp til no, så ser ein ikkje heilskapen i redningsarbeidet. Då ser ein ikkje samarbeidet mellom politi og brannvesen, ein ser ikkje rolla til helsevesenet eller dei frivillige redningstenestene, som også gjer ein viktig jobb, seier Tajik.

(Artikkelen held fram under bildegalleriet)

Veit ikkje når det vil skje

Statsråd Anundsen seier via kommunikasjonsrådgivaren sin at regjeringa vil ha ein ekstern, uavhengig gjennomgang av storbrannane i Sogn og Trøndelag.

Men kor tid og korleis ei slik gransking skal skje, vil ministeren ikkje uttala seg om, før han har svara på det skriftlege spørsmålet frå Tajik, i løpet av neste veke.

40 bygningar brann ned til grunnen i storbrannen i Lærdal natt til 19. januar. I tillegg fekk fleire titals andre bygningar brann-, røyk- og vasskadar.

Brannen øydela straumforsyninga og mobilnettet, råka vassforsyninga, avløpssystemet, vegmeldingssentralen og ventilasjonen i førti tunnelar. Mellom mykje anna.

Fekk kritikk frå fylkesmannen

I april kritiserte fylkesmannen i Sogn og Fjordane Regjeringa for den snevre evalueringa av brannane som dei la opp til.

– Vi ser gang etter gang at evalueringane skjer etatsvis. Det som oftast sviktar under slike kriser er samhandling mellom ulike etatar. Når evalueringa skjer etatsvis, glepper vi på å få med samhandlingsutfordringane og det vi bør ta lærdom av, seier Hamre.

Fem månader har gått sidan statsråd Anundsen møtte dei brannråka i Lærdal. Leiaren i justiskomiteen på Stortinget, Hadia Tajik, ventar at ministeren raskt innfrir det han lova lærdølene i januar.

– Eg har forståing for at det kan noko tid for å finne ut kven som skal gjennomføre den type evaluering, men det tek ikkje eit halvt år å finne ut det, seier Tajik.