Hopp til innhold

Her får Else (41) sin første seniormedalje i NM

Med eit kast på 46,95 meter sikra Else Lundestad Bakkelid frå Gloppen Friidrettslag seg i dag bronse under NM i friidrett på Byrkjelo. 41-åringen tok med det sin første seniormedalje.

Pallplassane i diskos for kvinner under NM i friidrett

PÅ PALLEN: Mona Ekroll Jaifi frå Norna Salhus IL sikra gullet med eit lengde på 50,27 meter. Grete Etholm frå Tjalve IK sikra sølvet og Else Lundestad Bakkelid tok bronsen.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Mona Ekroll Jaifi frå Norna Salhus IL sikra gullet med eit lengde på 50,27 meter. Grete Etholm frå Tjalve IK tok sølvet. Med eit kast på 46,95 meter blei det bronse på friidrettsveteranen Else Lundestad Bakkelid frå Gloppen – i det ho reknar seg fram til er hennar trettande NM.

– Eg visste at eg kunne ha eit lite håp om å ta medalje viss eg gjorde det bra. Men eg hadde ikkje tort å tru på det, seier ein glad bronsevinnar.

Lengda er ein liten meter bak hennar personlege rekord.

– Eg har kasta veldig godt på trening dei siste månadane, så eg visste at eg var trygg på lengder opp mot pers og gjerne litt over.

Begynte som 12-åring

Bakkelid har delteke i NM dei siste fem åra, før det hadde ho ein pause på ti år. Ho har nokre gonger stilt i sleggekonkurransen, men flest gonger i diskos.

– Eg begynte med diskos då eg var 12 år, og har alltid syntest det er veldig kjekt. Det å ha noko å trene mot, er motiverande, seier ho.

Kor mykje ho trenar i kvardagen varierer, fortel ho.

– Eg trenar kast tre gongar i veka på det jamne, og elles litt andre ting når eg får tid.

– Ein ufatteleg prestasjon

Trenar og sportsleg leiar i Gloppen Friidrettslag, Jørund Årdal, lar seg imponere over prestasjonen til Bakkelid.

– Det er ein utruleg prestasjon. Ho har fødd seks born sidan sist ho tok medalje, ein bronse i junior-NM for 22 år sidan. Ho er også i full jobb. At ho får trent og har kome tilbake, er ein ufatteleg prestasjon, seier Årdal.

Jørund Årdal frå Gloppen Friidrettslag

IMPONERT: Trenar og sportsleg leiar i Gloppen Friidrettslag, lar seg imponere over prestasjonen til Else Lundestad Bakkelid.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– At ho får ein medalje i dag set eg veldig stor pris. Ho har lagt ned meir innsats enn folk er klar over. Det viser kor mykje ein kan få til når viljen og motivasjonen er der.

Årdalsbakke persa

Marit Årdalsbakke, også ho frå Gloppen Friidrettslag, tok sjetteplassen i konkurransen. Ho hadde 44,55 meter som sitt lengste kast.

– Det er ny personleg rekord for Årdalsbakke. Ho er på landslaget i vektløfting og har trent godt, seier Årdal.

Marit Årdalsbakke

SJETTEPLASS: Marit Årdalsbakke tok sjetteplassen i diskos. Ho kasta 44,55 meter. Her frå ein tidlegare konkurranse.

Foto: Nils Ove Roset

I går tok Thomas Mardal og Evald Osnes Devik, også dei frå Gloppen, sølv og bronse i slegge. Trude Raad frå same klubb tok gull i øvinga fredag. Bakkelid seier kastmiljøet i Gloppen er godt.

– Det er kjekke treningar og mange som er med. Ein fin gjeng, seier Bakkelid.

Ho ikkje har tenkt å gi seg med det første.

– Eg synest det er utruleg kjekt, så eg kjem til å fortsetje vidare ja. Så får vi berre sjå korleis det går framover.