– Eg trur ikkje eg har opplevd liknande

– Då eg gjekk inn i ringen var det enormt trøkk og eg fekk veldig god støtte, seier Trude Raad (28) frå Gloppen. I dag sikra ho seg gull i slegge på heimebane.

Trude Raad, NM på Byrkjelo

– RÅTT: – Eg syntest det var heilt rått. Eg visste det kom til å vere ein del folk der og ein del kjentfolk. Det hjelper ikkje på nervøsiteten, seier Trude Raad om å konkurrere på heimebane på Byrkjelo stadion.

Foto: NRK

– Eg har ikkje opplevd liknande, seier Trude Raad, om stemninga og støtta frå publikum på Byrkjelo stadion.

Med eit kast på 63,96 meter tok utøvaren frå Gloppen Friidrettslag i dag gull under NM I friidrett på Byrkjelo. Å ta gullet på heimebane er spesielt, seier Raad.

– Er veldig letta

– Det er veldig stort. Eg er veldig letta. Eg har kjent på det i eit par veker. Spenninga har bygd seg opp dag for dag. Det var nervepirrande når konkurransen begynte, men eg var veldig klar, seier ho.

Målet var heile vegen å kjempe for gullet. Det stod mellom Raad og Beatrice Nedberge Llano frå Laksevåg IL. Llano blei nummer to med lengda 63,31 meter.

– Eg visste at ingenting var avgjort før siste kastet, for der alt kunne alt skje. Eg måtte vere på hogget heile tida, seier Raad.

Trenar Jørund Årdal var godt fornøgd etter konkurransen.

Jørund Årdal og Trude Raad

TRENAR OG UTØVAR: – Ho er ein fantastisk utøvar på alle måtar, seier Jørund Årdal.

Foto: NRK

– Det var litt ujamt, ho var litt prega av at ho var nervøs. Men ho klarte å skjerpe seg og finne fram teknikken ho skal ha. Ho kasta opp mot sitt beste, seier Årdal.

– Ho er ein fantastisk utøvar på alle måtar. Du kan ikkje ha ein betre utøvar enn Trude å ha med på meisterskap, Ho er like blid uansett korleis det går.

God opplading

Raad fortel at ho har fått ei god opplading til meisterskapen.

– Eg begynte på ferie for fire veker sidan. Eg har vore heime på Breim, fått trent godt med klubben og ete mykje god mat.

Lengda 63,96 meter er ein liten meter bak årsbeste. Persen hennar frå i fjor er på 66,35 meter.

– Lengdemessig var eg eit lite stykke bak det eg følte eg var god for i dag. Eg føler eg har meir på lager, men det er ikkje alltid ein treff på alt, med teknikken, forma og det å halde nervane i sjakk, seier ho.

Men 28-åringen er uansett godt fornøgd med å ha greidd målet om å ta gull på heimebane.

– Eg var veldig nervøs og hadde lyst til å prestere på heimebane. I dag gjekk det veldig bra – det kunne vel ikkje gått betre, seier ein glad NM-vinnar.

Marte Rygg Årdal, også ho frå Gloppen Friidrettslag, blei nummer fire.