Hopp til innhold

– Det er kjekt å at vi kan vise oss fram på heimebane

Thomas Mardal frå Gloppen Friidrettslag sikra seg sølv i slegge under NM i friidrett på Byrkjelo i dag. Evald Osnes Devik, også han frå Gloppen, tok bronsen.

Thomas Mardal og Evald Osnes Devik

TO MEDALJAR TIL GLOPPEN: Thomas Mardal og Evald Osnes Devik tok sølv og bronse i slegge under NM i friidrett på Byrkjelo i dag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sigeren gjekk til Eivind Henriksen frå Tjalve, som kasta 74,27 meter. Han sikra med det sitt niande strake NM-gull. Mardal som nummer to kasta 70,01 meter, mens Osnes Devik hadde lengda 60,53 meter.

Sølv og bronse, vart eit ost framhald for Gloppen, dagen etter Trude Raad sitt gull .

– I dag handla det meir om plassering. Det var kjekt å kome over 70 meter, seier Mardal, som har 72,81 meter som personleg rekord.

Første utandørs seniormedalje

Hans Sande, Evald Osnes Devik, Thomas Mardal

GJORDE JOBBEN: Glopparane Hans Sande, Evald Osnes Devik og Thomas Mardal før finaleomgangen i slegge.

Foto: Oddleif Løset / NRK

NM-sølvet er hans første seniormedalje teke utandørs. Vêrforholda for sleggekastarane kunne vore betre under konkurransen, Mardal seier seg derfor fornøgd.

– Å kome over 70 meter i dette vêret er bra, seier han.

– Det varierer frå sterke vindkast til mykje regn. Med litt glatte hanskar og litt glatt slegge, og så får du plutseleg mykje vind i ryggen - då er det vanskeleg å kome seg bak i ringen.

Annan kvardag

Mardal har flytta til USA for å gå på skule og satse på idrett. Sidan har han utvikla seg mykje i sleggeringen.

– Eg trenar mykje og eg trenar riktig, seier han, og fortel at treningskvardagen er litt annleis i USA.

– Eg går på skule, så på trening og i vektrommet. Så er det middag, og deretter meir skule. Så det går i eitt, fortel han.

Han synest det der vanskeleg å seie om han kunne hatt same utvikling heime i Noreg.

– Det er vanskeleg å seie, men mest sannsynleg ikkje. Det å kunne vere i eit eige miljø, hjelper meg veldig mykje.

Mardal er fornøgd med sesongen så langt.

– Sesongen under eitt har det gått veldig bra. Eg har ikkje hatt ein konkurranse under 69 meter, seier han.

– God laginnsats.

Fornøgd er også Evald Osnes Devik, som tok tredjeplassen

– Eg er veldig fornøgd med bronsen. Eg skulle gjerne kasta lenger, men eg er fornøgd, seier han.

Også han synest vêret var noko utfordrande.

– Det var tungt, men det gjekk fint. Det er kjedeleg med vind i ryggen, at det er kaldt og surt gjer også at det krev litt å halde varmen. Men det er likt for alle, seier Devik.

Steinar Kleppe

FEMTEPLASS: Steinar Kleppe har sju NM-medaljar, tre av desse sølv siste åra. På Byrkjelo enda sesongdebuten med femteplass.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Gloppen Friidrettslag tok også femte- og sjuandeplassen i konkurransen. Steinar Kleppe kasta 53,37 meter og Hans Sande hadde 54,59 meter.

– Det var god laginnsats. Det er kjekt å at vi kan vise oss fram på heimebane, seier Evald Osnes Devik.

Like etter at medaljane var delte ut i slegge, sprang klubbveninna Merete Helgheim inn til gull i kappgang.