Hopp til innhold

Ekspertar kritiske til nye kosthaldsråd

Fleire ekspertar er kritiske til dei nye kosthaldsråda som blei lagt fram i dag. Folk på gata er stort sett positive, men vil ikkje gi slepp på vinglaset.

Aina Søgnen

NYE RÅD: Student Aina Søgnen kjem til å ete meir fisk og grønsaker, men det er ikkje alle dei nye råda ho kjem til å følge.

Foto: Solveig Oddvarsdotter Myren / NRK

I dag blei dei nye, nordiske kosthaldsråda lagt fram.

Her kjem det fram kva du bør ete meir av, og kva du bør unngå.

Vil ete meir fisk, men droppar ikkje vinglaset

Knapt halvparten av norske barn og unge følger i dag staten sine tilrådingar om dagleg inntak av frukt og grønt, syner forsking frå 2020.

Men blant folk på gata i Førde var det ingen som var særleg overraska over dei nye kosthaldsråda.

Ei av dei er student Aina Søgnen.

– Eg kjem nok til å lytte til dei nye råda og ete meir fisk og grønsaker, men det er nok lurt å ikkje stresse for mykje med det heller, seier Søgnen.

Dei nye råda slår fast at folk bør kutte alt av alkohol.

Søgnen meiner at det likevel må vere lov å kose seg litt.

Det er nok lurt å minke litt ned, men ikkje å kutte det heilt, seier ho.

Det er småbarnspappa Bjørn Totland samd i.

Det er sikkert lurt helsemessig, men så er det også ein gevinst i å ta eit glas vin med gode vener. Og akkurat det slår ikkje ut på kosthaldsbarometera, seier Totland.

Kjem du til å følge dei nye råda?

Tja, det var ikkje så mykje nytt i dette i høve kva eg et til vanleg. Då saknar eg heller at noko skjer i butikkane. Sunn mat bør bli billigare og usunn mat bør bli dyrare.

Bjørn Totland

Bjørn Totland har fått med seg dei nye råda, men seier han i stor grad følger dei allereie.

Foto: Solveig Oddvarsdotter Myren / NRK

Men forskarane er ikkje like samde om råda.

Det er særleg ultraprosessert mat og inntaket av raudt kjøt og alkohol som har skapt diskusjon.

Usemje om dei nye råda

Professor Rune Blomhoff har leia arbeidet med den nye kosthaldsrapporten.

– Det klart beste er å ha eit plantebasert kosthald og eit redusert innhald av animalske matvarer. Det har den største helsemessige effekten, seier han.

Men arbeidet med rapporten skapt diskusjon allereie i før han blei lansert. Fire av forskarane som var med i arbeidet har trekt seg undervegs. Marit Kolby er ei av desse.

Blomhoff seier det ikkje er uventa at det er usemje blant forskarane.

Simon Dankel, professor ved medisinsk fakultet ved UiB, er ein av dei som er kritisk til rapporten.

Saman med kollegaar har han forska på at ultraprosessert mat gir kreftfare. Dankel meiner dette må bli ein større del av kosthaldsdebatten.

Simon Dankel ved Mohn Ernæringslaboratorium, UiB

Simon Dankel meiner at det bør vere meir fokus på ultraprosessert mat i kosthaldsråda

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

– Eg meiner at råda har ein del vesentleg manglar og problem. Det viktigast er at eit plantebasert kosthald er ganske udefinert, og at ein ikkje har gått hardare ut mot ultraprosessert, plantebasert mat.

Han er bekymra for at folk blir villeia til å tru at eit kosthald er sunt berre fordi det er plantebasert.

Dankel viser til at vegetarburgarar, kjeks og nokre typar grovbrød, både er ultraprosessert og plantebasert. Ultraprosessert mat kan vere veldig dårleg for helsa, ifølge han.

Råda burde ikkje gje slik inntrykk av at hovudproblemet ligg hos dei meir tradisjonelle matvarene, slik som feite meieriprodukt og kjøtt som er veldig næringsrikt og som kan produserast på meir berekraftige måtar, seier Dankel.

Også Else Slettehaug kokk ved Håjen i Naustdal er skeptisk til tilrådingane. Ho meiner dei er ikkje tilpassa Norden.

– Vi har ikkje moglegheit til å legge om og produsere belgvekstar på areala her.

I tillegg meiner ho at råda bør skilje mellom ulike typar kjøtt.

– Eg trur råda treng meir forklaring og fokus på reine råvarer.

Les også Hans Robert frykter nye kostholdsråd vil gå utover levebrødet

bonde Hans Robert Morønning

Krevjande å gi råd om ultraprosessert mat

John Roger Andersen, forskar ved Høgskulen på Vestlandet, peiker på at det finst både sunn og usunn ultraprosessert mat.

– Difor blir det for krevjande å gi råd om dette no, seier Andersen

Andersen seier reduksjonen av kjøtt er eitt omdiskutert tema der forskarane er ganske usamde.

John Roger Andersen, forskar i Helse Førde

John Roger Andersen, forskar ved Høgskulen på Vestlandet, peiker på at det finst både sunn og usunn ultraprosessert mat.

Foto: astrid solheim korsvoll / nrk

– Her har nok dei faglege råda som omhandlar klima gjort til at ein har gått ned på mengda raudt kjøt. Kloden hadde kollapsa om alle åt like mykje kjøt som oss, seier Andersen.

– Gjer dei nye råda det enklare eller vanskelegare å ete sunt?

– Dei gir folk retning, men eg trur folk ikkje set eg ned og puggar råda.

Helsedirektoratet skal bruke sommaren på å sette seg inn i rapporten. Dei skal vurdere råda opp mot dei norske kosthaldsråda.

Neste vår kjem dei nye, norske kosthaldsråda.

Les også Hans Robert frykter nye kostholdsråd vil gå utover levebrødet

bonde Hans Robert Morønning