Hopp til innhold

Forskarar viser at industrimat gjev kreftfare: – Må bli ein større del av kosthaldsdebatten

Ein norsk studie viser at såkalla ultraprosessert mat kan auke risikoen for kreft med opp til 50 prosent.

Godteri er et eksempel på ultraprosessert mat

ULTRAPROSESSERT: Godteri, ferdigpizza, kjeks, brus og posesupper er eksempel på ultraprosessert mat.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Kring halvparten av all mat vi et er ultraprosessert.

Det tyder at den er sterkt tilverka, og framstilt med industrielle metodar. Ofte har den lang haldbarheit og er produsert for å vere billeg.

Forskarar ved Universitetet i Bergen meiner no å bevise at denne maten fører med seg ein større risiko for å utvikle kreft.

– Auka inntak av ultraprosessert mat aukar risikoen for kreft betydeleg. Det gjeld både generelt, og spesielt innan kreftformer som brystkreft, tarmkreft og kreft i bukspyttkjertelen.

Det seier Simon Dankel, professor ved medisinsk fakultet ved UiB. Han har leia samlestudien som har brukt undersøkingar og data frå heile verda.

– Funna gjev eit varsku som vi må ta på alvor.

Simon Dankel ved Mohn Ernæringslaboratorium, UiB

Simon Dankel, professor ved medisinsk fakultet, UiB

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Vanskeleg å unngå

Utanfor ein Kiwi-butikk i Bergen sentrum treng ikkje Iver Kristiansen leite lenge i posen for å finne matvarer som fortener merkelappen.

Ein tommelfingerregel er at om det er meir enn fem ingrediensar ein ikkje bruker på eit vanleg kjøkken, er maten ultraprosessert.

NRK utfordrar studenten til å lese opp ingrediensane på ein energidrikk.

– Terinaromaer, surheitsregulerande middel, natriumsitrater, panax ...

– Veit du kva desse tinga eigentleg er?

– Nei, inga aning!

Kristensen seier han veit at mange meiner det er helserisiko med ultraprosessert mat, og at han prøver å vere medviten om dette.

Iver Kristensen har handla til eksamenslesing

Iver Kristiansen har handla til eksamen, og meiner han ikkje kan unngå ultraprosessert mat.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Men det er vanskeleg å unngå all slik mat slik det er no. Det går jo ikkje å berre drikke vatn no under eksamenstida.

Vil forske meir

Kreftstudien til Mohn Ernæringsforskingslaboratorium på UiB tek for seg elleve internasjonale undersøkingar. Det er den første studien som samlar all forsking på kreft og ultraprosessert mat og ser resultata i samanheng.

Studien er nyleg publisert i det internasjonale tidsskriftet Clinical Nutrition.

Snittet i studiane viser 10–20 prosent auka kreftrisiko på grunn av denne typen mat. Enkelte studiar viser opp til 50 prosent auka risiko for somme typar kreft.

Mange typar mat fell under merkelappen ultraprosesserte. Ferdigpizza, kjeks, brus, godteri, posesupper, ulike frukostblandingar og mykje meir.

Studien seier ingenting om somme typar mat er meir skadeleg enn andre.

– Vi kan ikkje peike på einskildmatvarer. Vi veit ikkje kva i den ultraprosesserte maten som er kreftframkallande.

Dankel seier dei håper å få finansiering for å forske meir på kva i denne typen mat som kan vere skadeleg.

Vil ha større kosthaldsdebatt

Professor Dankel meiner store selskap har fått bestemme for mykje over kosthaldet vårt.

– Dei siste femti åra har det skjedd ei stor forandring i korleis vi produserer maten vår. Dette har skjedd utan at konsekvensane har vore kartlagde ordentleg.

Han viser til at ultraprosessert mat vert knytte til helseutfordringar som overvekt, diabetes og demens.

– Dette må bli ein større del av kosthaldsdebatten. I Noreg er det mogeleg å produsere meir fersk mat. Det beste er mat av lokale råvarer.

No håper han den nye studien kan føre til ein debatt om måten maten vår blir produsert på.

Professor Simon Dankel ved UiB

Professor Simon Dankel håper å kunne forske meir på ultraprosessert mat.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK