På få sekund blir idyllen i nabolaget broten
For andre gong har Inger Marie og familien blitt evakuerte frå heimen
Beate veit korleis det er å bu med eit farleg fjell som næraste nabo

Livet under det ustabile fjellet

Den vesle industristaden Tyssedal i Hardanger har den storslåtte naturen tett på seg.

Men plutseleg blir det høge fjellet igjen ein trussel for bygda.

Tidleg om morgonen 20. april 2023 går det eit steinras nær eit bustadfelt i Tyssedal i Ullensvang.

Bil og garasje blir knuste av steinar.

Heldigvis er ingen personar skadde.

Likevel skal raset få store konsekvensar for innbyggjarane.

Og bli eit problem for kommunen.

29 personar blir evakuerte og flyttar ut frå heimane sine.

Mellom dei er familien Tjordal Høyland med far Frode og son Oliver (9).

Familien på fire må flytta inn på hotell.

Dette er andre gongen på 11 år at dei er evakuerte. Sist gong tok det nesten to månadar før dei fekk flytta heim.

Då var Noah (12) baby.

No er også veslebror Oliver (9) evakuert.

På dette tidspunktet veit ikkje familien at dei aldri skal få koma heim igjen.

Her ser ein kor tett huset til familien ligg inntil fjellet.

Kommunen som Tyssedal ligg i har mange område som er i fare for flaum og skred.

Det same gjeld over 32.000 bygg i Noreg.

Dei evakuerte har venta nesten ein månad i uvissa.

Så får dei gladmeldinga. Dei får flytta heim igjen.

Men dei får og med seg ein spesiell beskjed: Dei blir rådde til å ikkje vera ute i hagen for mykje.

Alle får flytta heim, utanom familien Tjordal Høyland.

Dei må inn i ei mellombels leilegheit.

Familien får reisa heim på korte turar for å henta ting dei treng.

Frå vindauget på rommet til Oliver (9) har han utsikt rett opp mot Tveitanuten.

I stova står framleis kalenderen uendra. Grytidleg om morgonen 20. april gjekk raset.

Rett over gata sit Beate Ahlsen Rånes i hagen. Ho har fått flytta heim igjen, og synest det er godt å vera tilbake.

«Men det er så rart å ikkje høyra ungane som leiker i nabohagen. »

Beate Ahlsen Rånes

For i nabohuset er det stille. Og det kjem det til å vera framover.

Etter nesten to månadar har familien Tjordal Høyland fått den endelege beskjeden.

Dei får aldri flytta inn igjen i huset frå 1905. Det er ikkje trygt å bu der.

«Det var eit slag i trynet, men me held ut så godt me kan. »

Inger Marie Tjordal

«Me har alt. Fjellskred, kvikkleireskred, snøskred, steinskred og flaumfare. Så det er mange naturfarar å ta omsyn til. »

Kristian Bondhus-Jensen, kommunalsjef i Ullensvang

Ullensvang kommune brukar fleire millionar på skredsikring kvart år.

Dei ønskjer utvikling og arbeider for at nye hus og næringsbygg skal unngå å koma i ei faresone.

«Men pengesekken er altfor liten i forhold til behovet.»

Kristian Bondhus-Jensen, kommunalsjef Ullensvang

Men kva kan kommunane gjera når mange bur slik?

Det vil kosta samfunnet rundt 85 milliardar kroner om bygg som er utsette for naturfarar i Noreg skal sikrast.

«Då må ein ta ei vurdering på kva det vil kosta å sikra, mot å flytta. »

Brigt Samdal, direktør skred- og vassdragsavdelinga NVE

Samdal forstår at det er krevjande for kommunar som har mange naturfarar, som til dømes Ullensvang.

No startar eit nytt kapittel for familien Tjordal Høyland.

Inger Marie håpar huset blir rive. Slik at ho slepp å sjå at det forfell.

Men kor skal familien no bu?

Enn så lenge bur dei i den vesle leilegheita med utsikt mot det ustabile fjellet, Tveitanuten.

Kjelde: Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Interessert i meir om historia frå Tyssedal? Høyr Politisk kvarter her

Journalist og fotograf

Tale Hauso

DISTRIKTSREDAKTØR NRK VESTLAND

Dyveke Buanes
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal