Hopp til innhold

Dyrevernarar fryktar hjortehysteri

Randi Aarethun i Dyrevernlaget Indre Sogn fryktar konsekvensane av "opphaussa fellingspress" under hjortejakta.

Jeger

Illustrasjon

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

- Det verkar som om det viktigaste under hjortejakta er å plaffe ned flest mogelege dyr. Stadig høyrer vi skremsel om altfor store hjortestammar , skadar på inn- og utmark og fare for sjukdomar på hjorten, seier Randi Aarethun i Dyrevernlaget i Indre Sogn, til Firda.

- Meir press

Det har siste veka vore sterkt fokus på hjortejakta i media med mellom anna fokus på ein minkande, men aldrande jegerstamme . Måndag vart det kjent at jegerane i dag må felle ti gonger meir hjort enn for 20 år sidan for å halde stammen under kontroll. Aarethun fryktar vill vest når hjortejakta tek til 10. september. Då får mange jegerar jakte heilt fram til jul . Og ho legg skulda på jegerar, privatpersonar, grunneigarar og styresmakter. Aarethun meiner styresmaktene har delt ut rekordmange fellingsløyve.

- Dette legg press på jegerane, med auka fare for skadeskyting, meiner ho.

- Er stammen for stor?

Ho fryktar at fellingspresset blir eit ekstra element når jegeren sit på post og vurdere om han skal løyse skot eller ikkje. Aarethun mistenkjer at jegerane sjølv står bak noko av opphausinga.

- Dette er deira sjanse til å vise alle som er negative, at vi treng dei. At utan jegerane ville hjorten dauda av pest og sjukdom, seier ho til avisa og undrar seg over om hjortestammen verkeleg er for stor.

- Sei i frå

I juni vart ein jeger i Sogn dømd for skumringsjakt . Denne saka er anka inn for lagmannsretten . Aarethun meiner at politiet må meir på bana.

- Dei må ha meir fokus på og ruke meir ressursar når jegerane skal sleppast laust på det høgste løyvetalet nokon gong. Politiet må slå hardare ned på dei som bryt dyrevernsreglane, seier ho og oppmodar alle om å melde frå om skadeskyting. Ho reagerer også sterkt på at skadeskyting ikkje er tema på seminaret om hjorteforvaltning denne veka.