Hopp til innhold

Dømd for skumringsjakt

Hjortejakt om natta blir i praksis ulovleg, meiner NJFF etter ein fersk dom frå Sogn tingrett.

Hjortejakt

Hjortejakt på dagtid er greitt, medan nattejakt er ulovleg.

Foto: NRK

Det er Nationen som fortel om domen der ein jeger i 40-åra i juni vart dømd til å betale 12.000 kroner i bot og sakskostnadar etter å ha felt ei hjortekolle i 21-tida ein kveld i november 2006.

- Vi ankar domen til Høgsterett om naudsynt, seier jegeren sin advokat, Johannes Hauge.

- Ikkje forbode, men...

Retten meiner lyset var tilstrekkeleg, at holdet berre var 20 meter, og at det ikkje var særskilt fare for skadeskyting. Likevel poengterer dei at skadeskyting ville påført unødig liding for dyret.

- Skyting i mørket er ikkje forbode, men jegeren må ikkje berre vurdere sjølve skotet, men også ettersøkssituasjonen, skriv tingretten.

- Uklar situasjon

Espen Farstad i Norges Jeger- og Fiskeforbund meiner domen truar kvelds- og nattejakt på hjort. I følgje statistikken vart kring halva av fjorårets 32.000 felte hjort skotne på bøen i skumringa om kveld eller natt. Statistikk viser også at det er mest skadeskyting i dagslys.

- Om denne domen vert ståande, får vi ein veldig uklar situasjon, seier fylkesleiar Øyvind Hopland i NFF. Han fryktar få vil bry seg om domen og heller skaffe seg lyddempar og halde fram jakta.

- Oppdragande effekt

Hopland fortel til avisa at hjorten er langt rolegare og lettskoten om natta, enn eit dyr som vert jaga på før det blir skote. Han tykkjer det er feil verkemiddel i høve fylkesmannen sitt ynskje om å auke avskytinga av hjort.

Rådgjevar Øystein Sørensen ved Direktoratet for Naturforvaltning, trur domen har ein oppdragande effekt på jegerane som no må vurdere lysforhold og eventuelle ettersøk før dei løyser skot.