Hopp til innhold

Skumringsjakt i lagmannsretten

Mannen som i Sogn tingrett vart dømd for skumringsjakt på hjort, får saka opp att i Gulating lagmannsrett.

Hjortejakt

illustrasjonsfoto

Foto: NRK

Jegeren frå Balestrand vart i juni dømd til 12.000 kroner i bot og sakskostnadar etter at han ein novemberkveld i fjor felte ei hjortekolle.

- Vi ankar domen til Høgsterett om naudsynt, sa jegeren sin advokat til Nationen i førre veke.

- Ikkje forbode, men...

Domen vakte kraftige reaksjonar i jegerkrinsane. Hjorten døydde momentant av skotet. Sogn tingrett dømde likevel jegeren fordi dei meinte det var for mørkt til å kunne drive ettersøk dersom hjorten ikkje hadde døydd.

- Skyting i mørket er ikkje forbode, men jegeren må ikkje berre vurdere sjølve skotet, men også ettersøkssituasjonen, skreiv tingretten.

Meir skadeskyting

Domen vakte sterke reaksjoanr i jegerkrinsar og mange frykta at domen i praksis gjorde hjortejakt om natta ulovleg. Espen Farstad i Norges Jeger- og Fiskeforbund fryktar for kvelds- og nattejakta på hjort dersom domen blir ståande.

I følgje statistikken vart kring halva av fjorårets 32.000 felte hjort skotne på bøen i skumringa om kveld eller natt. Statistikk viser også at det er mest skadeskyting i dagslys.

- Om denne domen vert ståande, får vi ein veldig uklar situasjon, uttala fylkesleiar Øyvind Hopland i NFF.

Mistenkeleg salseksplosjon

Vidar Flo

Vidar Flo

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Hopland spådde at få ville bry seg om domen og heller kjøpe seg lyddempar for å halde fram jakta. Det vart starten på ei lang rekkje saker om hjorejakt den siste veka. Onsdag kom det fram at salet av lyddemparar har teke fullstendig av i Stryn.

- Salet har eksplodert, kort og greitt. Vi merka auka interesse etter jaktmøtet i Hornindal i vår då politibetjent Ole Tom Nord snakka om nattjakt og reglar rundt dette, fortalde Vidar Flo til avisa Fjordingen.

Ikkje ulovleg

Jaktinstruktør Magne Svoren avviser at dette skuldast ulovleg jakt på nattestid.

- Det er ofte mange jegerar som har fått skade på høyrsla, og vil avgrense den skaden. Lyddemparar er ei lovleg vare, så eg syns vi skal ha fokus på det lovlege og ikkje kriminalisere lyddemparar, meiner Svoren.