Hopp til innhold

Hjorten øydelegg for millionar

Hjorten har øydelagt frukttre for millioneløp i Sogndal. På Grinde gir enkelte opp til hjortestammen er redusert til eit akseptabelt nivå.

Hjorten øydelegg frukttre for millionar på Leikanger. Jon Erling Oppedal har mista alle Aroma-trea.

Hjorten øydelegg frukttre for millionar på Leikanger. Jon Erling Oppedal har mista alle sine Aroma-tre.

Foto: Arne Eithun / NRK

- Vi har sett opp hjortegjerde, men det er vel berre flytte problemet over på naboane. Problemet er for stor stamme og for lite sky dyr, seier Jon Erling Oppedal.

SJÅ: - Fellingskvoten må doblast

100 prosent skade

Hjå fruktbonden på Grinde står berre stubbane att av det som ein gong var ein frukthage. I år har Oppedal mista om lag 200 tre med eplesorten Aroma.

- Det er alt eg har av Aroma. Så det er 100 prosent skade på Aroma. I tillegg har eg litt skade på andre eplesortar, seier han.

Tek dei beste først

- Hjorten er kvalitetsbevisst og går laus på dei beste sortane først, fortel Jon Erling Oppedal.

- Hjorten er kvalitetsbevisst og går laus på dei beste sortane først, fortel Jon Erling Oppedal.

Foto: Arne Eithun / NRK

Til saman har fruktbøndene på Grinde mist over 1.000 frukttre. Hjorten går først på sortane Aroma og Gravenstein.

- Han er veldig kvalitetsbevisst og tek dei beste sortane først, seier Oppedal. For han er det uaktuelt med noko nyplanting før hjortestammen er komen under kontroll.

- Stammen må ned

Viltforvaltar Hermund Mjelstadd hjå fylkesmannen, meiner at den årlege fellingskvoten må doblast på Vestlandet. Berre i Sogn og Fjordane åleine meiner han kvoten må aukast med 5000 dyr. I første omgang må avskytinga rettast mot produksjonsdyra, altså hodyra.

- Elles vil det vakse om lag like mykje om ikkje meir kvart år. Det skal veldig lite til før ein får veldig store problem. utfordringa er å gjere det under kontrollerte former, seier han.

Hjorten gjer skade for millionar av kroner i frukthagane på Leikanger.

Hjorten gjer skade for millionar av kroner i frukthagane på Leikanger.

Foto: Jon Erling Oppedal