Hopp til innhold

For mykje hjort i Bremanger

Hjortebestanden i Ålfoten i Bremanger er så stor at han utrydder seg sjølv seier seniorinspektør i Mattilsynet Jørgen Langeland.

Hjort på Sandstad på Hitra
Foto: Arvid Bredesen

Langeland meiner kommune og grunneigarar burde ha redusert hjortebestanden for lenge sidan.

Den siste tida har grunneigarar i Ålfoten i Bremanger funne 12 daude hjortekalvar. For å få svar på dødsårsak sendte Mattilsynet to av kalvane til veterinærinstituttet i Oslo. Resultatet synte avmagring og lungeorm.

Sjølv om dødsårsaka er samansett, seier Jørgen Langeland at det er nokså uvanleg at parasittar tek livet av hjort.

- Dette er eit dyrevelferdsproblem som må takast hand om, seier Langeland. No vil han at både kommune og grunneigarar tek ansvar, og reduserer bestanden.

Grunneigar har ansvar

Det er grunneigarane som søkjer om fellingkvoter til kommunen. Leiar i Myklebust grunneigarlag, Asbjørn Myklebust, vedgår at dei burde sett problemet komme.

- Men vi har likevel ikkje sett at dyra har svolte, seier Myklebust. Han meiner det er fleire som skulle ha sett denne trenden, blant andre kommune og fylkesmann.

No håpar Myklebust at dei lettare får auka fellingskvotene på hjort frå kommunen.

Kunne felt det doble

Bjørn Marthinussen som er fagkonsulent for skog i Bremanger kommune, legg ansvaret på grunneigarane sjølve.

- Dette er lokal forvaltning. I Ålfoten-området vart det skote 110 dyr i 2007. Visst grunneigarane hadde skote full kvote, kunne dei skote 211 dyr, seier Marthinussen.