Jegerane er for gamle

Hjortestamma veks medan jegerane er utryddingstruga.

Hjortejakt
Foto: NRK

Les og: Hjorten sprer seg til heile landet

- Om ein viltbestand hadde same aldersfordeling som jegerane ville eg seie at den hadde dårlege framtidsutsikter, seier Vidar Holte i Norges Skogeigarforbund.

Han ser med uro på at den gjennomsnittlege hjortejegeren i dag er ein mann i 50 åra og at snittalderen stig for kvart år.

Sterk vekst i hjortestammen

10. september startar hjortejakta, og i år skal det skytast fleire hjortar enn nokon gong før her i landet. For hjortestammen er i sterk vekst og talet på fellingsløyve aukar. Men jegerane som skal skyte dyra har ikkje same utvikling. Tal frå statistisk sentralbyrå viser at 66 prosent av jegerane her i landet i fjor var mellom 30 og 70 år. Og dei fleste av dei var mellom 40 og 50 år gamle. Berre 18 prosent var under yngre enn 30 år.

Tør ikkje prøve seg

Fylkesleiar i Norges Jeger og Fiskerforbund i Sogn og Fjordane, Øyvind Hopland, innrømmer at rekrutteringa av nye hjortejegerar ikkje er god nok.

- Det kunne nok vore betre. Dei som har teke jegerprøven er kanskje litt redde for å ta kontakt med eit jaktlag fordi dei er redde for å gjere feil, seier Hopland.

Jegerar fell frå

For sjølv om det er ein auke i talet på dei som tek jegerprøven, er det ikkje slik at det viser att i talet på dei som faktisk går på jakt.

- Statistikken viser at kun halvparten jaktar første året etter at ein tok prøven. Når dei ikkje jaktar fyrste året er det lett for at dei ikkje gjer det seinare heller, og då har vi ikkje den veksten vi trur vi har hatt, seier Hopland.