Må felle ti gonger meir hjort

Medan jegerane hadde fellingsløyve på fem hjort for 20 år sidan, jaktar dei i same jegerane i dag på opp til 60 hjort sesongen.

Jeger

Jegerane i dag må skyte ti gonger meir enn for 20 år sidan.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

- Det har vore for lite fokus på å rekruttere jegerar. Jegerstammen er i ferd med å bli forgubba og det er for liten tilvekst når ein ser veksten i hjortestammen, seier dagleg leiar ved Norsk Hjortesenter, Johan Trygve Solheim.

- Blir umogleg

Medan jegerstammen blir både færre og eldre , er hjortestammen i kraftig framgang . Solheim fortel at dei same jegerane som for 20 år sidan hadde tillatelse på å felle eitt til fem dyr, i dag jaktar på 50-60 hjort. Likevel, jakta i fjor var historisk god , med vel 10.500 felte dyr.

- Det er det same mannskapet som skal utføre den jobben. Dersom tilveksten av jegerar er mindre enn tilveksten av hjort, så blir det på eitt tidspunkt umogleg for jegerane å hauste tilstrekkeleg av hjorten, seier han.

- Det går for smått

I samarbeid med Direktoratet for naturforvaltning og Fylkesmannen, arrangerer Norsk Hjortesenter eit seminar i Florø der rekruttering står på plakaten. For forsøk på å rekruttere fleire jenter til jakta, har vist seg å ikkje slå heilt til.

- Det er nok mange som seier at dei har prøvd, men det går for smått. Det er framleis plass til mange kvinner blant jegerane, seier han.

Utvida jakt

Hjortestammen gjer årleg stor skade på innmark og er mange stadar til fare for trafikkantar. Jegerane etterlyser tiltak om dei skal halde hjortestammen under kontroll. Dei har mellom anna føreslått å jakte med lys .

Fylkesmannen har på si sida utvida hjortejakta mange stadar slik at jegerane i fleire kommunar får felle hjort til veslejulafta .