Det seier Sogndal-keeper Mathias Dyngeland etter at landslagstrenar Lars Lagerbäck presenterte han som ein av tre keeperar til VM-kvalifiseringskampen mot Tsjekkia.
– Det har vore ein draum om å bli teken ut i landslagstroppen i løpet av karrieren, men at det skulle skje no hadde eg ikkje trudd, seier 21-åringen frå Fana.
Trudde kompisen tulla
Sisteskansen står med 78 A-lagskampar frå Sogndal, men har også fått 18 kampar for ulike landslag.
Til kampen mot Tsjekkia konkurrerer han med langt meir meritterte Rune Almenning Jarstein og Ørjan Håskjold Nyland om plassen mellom stengene.
– Eg fekk ingen forvarsel før eg fekk melding frå ein kamerat som hadde lese det på Twitter. Eigentleg trudde eg det berre var tull, så fekk eg melding frå keepertrenaren min fem minuttar seinare. Då forstod eg at det var sant. Det var litt overveldande, humrar Dyngeland.
Tre på landslaget
Gustav Valsvik frå Vik og Even Hovland frå Vadheim er to andre lokale spelarar i troppen. For Valsvik vart det ei positiv overrasking dagen etter at opprykksdraumen brast med tyske Eintracht Braunschweig.
Vikjen gler seg på vegner av sin tidlegare lagkamerat i Sogndal. Han var sjølv debutant i tomålstapet for Nord-Irland i slutten av mars.
- Les også:
– Mathias er ein ung og lovande keeper som har gjort det bra for Sogndal. Det er bra for han å komme så tidleg med på landslaget. Så får han ta med seg gode erfaringar og utvikle seg vidare i klubben, seier Valsvik.
Reiser som læregut
Landslagssjefen presenterte fire debutantar då han i dag offentleggjorde troppen til både VM-kvalifiseringskampen og privatlandskampen mot Sverige.
Førstereisguten til Sogndal er budd på å vere læregut.
– Eg har gjort det ok og utvikla meg som keeper. No er eg tom for ord, veldig, veldig glad og sjokkert. No må eg berre gjere det beste ut av landslagssamlinga og tileigne meg erfaring frå dei to andre målvaktene, seier Dyngeland.
Men før den tid må han ta seg av eit utal gratulasjonar.
– Telefonen har gått seg varm. Den har vibrert konstant siste halvtimen. Eg har fått mange gratulasjonar, seier han.