Hopp til innhold

Fekk ein tøff og brutal, men godkjent landslagsdebut

Slik skildrar Gustav Valsvik landslagsdebuten mot Nord-Irland. – Eg trur han får sjansen att mot Tsjekkia, svarer NRKs fotballekspert, Karl-Petter Løken.

VM kvalifiseringskamp i fotball Nord-Irland-Norge. 2-0

GODKJENT: Gustav Valsvik kom frå landslagsdebuten med æra i behald. – Heilt greitt. Ein kan ikkje vente meir av ein debutant, seier NRKs fotballekspert, Karl-Petter Løken.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Med 0–2 for Nord-Irland fekk verken Gustav Valsvik eller landslagssjef Lars Lagerbäck noko draumedebut.

NRKs fotballekspert, Karl-Petter Løken, trur likevel at vi får sjå meir til vikjen med flagget på brystet.

Karl-Petter Løken

FEIL: Forsvarsspelet var ikkje heilt patent på Nord-Irland sine to mål, meiner Karl-Petter Løken. – Men for all del, det er ikkje berre midtforsvaret som må sette seg til neste kvalifisering, seier han.

Foto: NRK

– Det var ein debut og heilt godkjent, sjølv om det kunne vore betre. Han er ein god duellspelar og ein som kan ta unna, seier den tidlegare landslagsspelaren.

– Gi dei litt tid

Tidlegare Sogndal-spelar Even Hovland frå Høyanger, fekk kritikk for forsvarsspelet på nord-irane sitt leiarmål etter eitt minutt og 20 sekund. Då heimelaget dobla leiinga før pause, var det alt for stor avstand mellom dei to midtstopparane frå Sogn.

– Det er nok eit eksempel på at vi blir hardt straffa, for vi slepper dei relativt lite til. Dei har tre store sjansar, men det er ikkje bra nok at Nord-Irland scorar på to av dei, seier Løken.

– Men det er første gang dei spelar saman på landslaget, så gi dei litt tid. Det er ikkje håplaust, legg han til.

Kan gå begge vegar

VM kvalifiseringskamp i fotball Nord-Irland-Norge 2-0.

KRITIKK: Even Hovland (t.h.) fekk mykje kritikk etter oppgjeret i Belfast. Karl-Petter Løken er samd i at Hovland ikkje har vore på sitt beste siste tida. – Han har ikkje vore god nok, meiner han.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Valsvik tykte sjølv det var kjekt å få debuten. Vikjen har gått gradene og står bokført med 54 kampar for aldersfastlagde landslag.

– Eg er stolt over å ha fått opplevd dette og føler sjølv at eg kom greitt frå det. Ein debut kan jo fort gå begge vegar, seier han.

– Ventar du å få vere med vidare?

– Eg kan jo ikkje legge meg ned og grine.

Får fleire sjansar

Løken trur Valsvik får fleire sjansar på landslaget. Med kvalifiseringa halvspelt, er det allereie klart at Norge står att på perrongen når VM-toget går.

Det betyr at den nye landslagssjefen kan nytte resten av kvalifiseringa til å drille saman laget som tek til på kvalifiseringa til EM 2020. Første oppgåve blir Tsjekkia 10. juni.

– Vi har ikkje enormt mange midtstopparar å ta av i Norge, så ein må bruke tida til å setje eit godt midtforsvar som kan bere oss gjennom neste kvalifisering, seier Løken.

– Men vi treng kanskje ein som er litt raskare, smartare og som ikkje gjer så enkle feil. Gustav har litt tempoproblem, og det må lagkameratar vere med å kamuflere, legg Løken til.