– Det viser at går å lukkast når ein kjem frå små plassar Vik og Høyanger, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke, som begge har fleire sesongar bak seg i Sogndal.
Spelarane han snakkar om er førstereis på landslaget Gustav Valsvik, og «landslagsveteran» Even Hovland.
I kveld møter Norge Nord-Irland til skjebnekamp i Belfast, der Even Hovland og Gustav dannar stopparparet. Tidlegare i veka sa Valsvik dette til NRK.
– Eg håpar. Alle som er her vil jo spele, gliste han få dagar før den viktige kampen.
- Les også:
- Les også:
Hardt arbeid
Dei to midtstopparane har fleire ting til felles, enn posisjon på bana og at dei har vakse opp i Sogn. Dei starta i sine lokale lag, før turen gjekk vidare til Sogndal og etter nokre sesongar til større norske klubbar. No speler begge i tysk andredivisjon, Valsvik for Eintracht Braunschweig og Hovland for 1. FC Nürnberg.
PÅ TRENING: Både Even Hovland og Gustav Valsvik har denne veka trent med landslaget i London. Fredag reiste dei til Belfast, der dei møter Nord-Irland søndag kveld.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpixDei fekk to sesongar saman i Sogndal, før Hovland gjekk til Molde. Bakke seier det er to forskjellige spelartypar.
– Gustav er eit bevis på at hardt arbeid lønner seg. Even var ein tydeleg einar frå starten av, medan få hadde trudd at Gustav skulle bli landslagsspelar for nokre år sidan, seier Bakke.
– At han no er tatt ut bør sende eit signal til andre unge spelarar i fylket at om ein jobbar hardt nok kan ein lukkast, seier han.
Kampen har avspark klokka 20.45.
– Det hadde vore stort om begge får spela, seier Bakke.
- Les også: