Hopp til innhold

Snart kan alle traktorførarar måtte gjere som Jogeir – heile tida

Eit nytt påbod om bruk av setebelte i traktor er under utforming. – Naudsynt og fornuftig, meiner bonden Jogeir.

Jogeir Agjeld

OVERLEVDE: Jogeir Agjeld meiner setebelte berga han då han sommaren 2012 velta under beitepuss. – Sete er rette staden å vere når slikt skjer. Det er ikkje godt å seie kva som hadde skjedd om eg ikkje hadde hatt belte, seier han.

Foto: Norsk Landbruksrådgiving

For ti år sidan var Jogeir Agjeld frå Olden ute for ein traktorvelt under beitepuss.

– Det var siste finpuss, og eg skifta køyreretning. Der var marka endå brattare. Kombinert med at eg køyrde i ein dump, så bikka traktoren, fortel han.

– Det gjekk bra. Eg slapp skadar, fordi eg brukte belte.

I 2020 kom Arbeidstilsynet med krav til bruk av setebelte i traktor i arbeid. Unnataket er situasjonar der førar må ofte ut og inn av traktoren, og situasjonar der belte aukar risikoen for skade.

No arbeider Statens vegvesen med eit strengare krav til belte, som i praksis betyr at belte må brukast til ei kvar tid - uansett omstende.

Agjeld, som også er prosjektleiar i Norsk Landbruksrådgivning, meiner kravet er fornuftig.

Fire personar omkom, og over 150 personar vart skadde i traktorulukker i 2020 og 2021.

– Belte er ei enkel og veldig effektiv sikring, som årleg kan berge liv, seier Agjeld.

Fleire fritidsulukker

Ei undersøking Agri gjorde etter at påbodet kom i 2020, viste at berre 13,6 prosent av bøndene brukar setebelte kvar gong dei køyrer traktor.

Men det er ikkje lenger berre bønder som køyrer traktor.

Traktorar blir kjøpte for å rydde snø på hytta og rundt bustadar, eller til anna næringsbruk.

Over 300.000 traktorar var registrerte i Noreg i mars. I fjor var det 38.000 bønder.

– Fleirtalet av dødsulukkene, der belte ville hatt ein effekt, skjedde utanfor landbruket, seier Agjeld.

Typiske situasjonar er vedarbeid, snøbrøyting og fritidskøyring.

– Meir fornuftig

Sidan 2002 har det kring 700 traktorulukker på offentleg veg, der førar eller passasjer omkom eller kom til skade. Det viser Statens vegvesen sin statistikkgenerator.

Ole Smestad

Ole Smestad er samd i at det er fornuftig å bruke setebelte i traktor når ein køyrer lengre avstandar på offentleg veg.

Foto: Elin Fossum / NRK

Ole Smestad, styrar på Nordre Lunde gård i Lillehammer, meiner mykje handlar om sunn fornuft, erfaring og opplæring.

Han var kritisk til kravet som kom i 2020 . Men:

– Eg ser fornufta i å bruke setebelte på lengre avstandar, for å hente post, kjøpe mjølk eller 16-åringane som har det sosialt. Køyrer du på flatmark og skal ofte inn og ut av traktoren, så er setebelte tungvint, seier han.

Belte til ei kvar tid

Ingrid Heggebø Lutnæs

Avdelingsdirektør Ingrid Heggebø Lutnæs i Statens vegvesen seier det er ynskje om å regulere krav til beltebruk i traktorar som er i bruk utanfor arbeidssituasjon.

Foto: Statens Vegvesen

Statens vegvesen har fått oppdraget frå Samferdsledepartementet.

Avdelingsdirektør Ingrid Heggebø Lutnæs seier at eit slikt påbod samsvarar med visjonen om null hardt skadde og drepne i trafikken.

– Setebelte er av dei enklaste tiltaka for å forbetre trafikktryggleiken på traktor, seier ho.

Eit påbod råkar traktorførarar som ferdast på all veg.

– Det er dei som nyttar traktoren utanfor arbeid, til dømes til butikken eller til vidaregåande skule, seier Lutnes.

To framlegg kjem på høyring i haust eller i vinter:

  • Påbod om bruk av belte, som også pålegg ettermontering av belte der det er belteninfestingar.
  • Påbod om beltebruk, der belte allereie er montert.

– Vi ynskjer å sjå på regelverk som er likt med det som kom i 2020. Det er ingen grunn til at det ikkje skal vere påbode også utanfor ein arbeidssituasjon. Vi vurderer framleis enkelte unntak, seier Lutnæs.

Eit slikt krav vil i større grad likestille bil- og traktorførar.

– Kva reaksjonar kan brot føre til?

– Det kan vere gebyr for førar på 1.500 kroner. I tillegg kan førar, som ikkje har sikra born under 15 år, få forenkla førelegg på 2.500 kroner, samt prikkbelastning i førarkortet.

Må ettermontere

Blir kravet vedteke, må det ettermonterast setebelte i enkelte traktorar. Frå før er det krav til setebelte i nyare traktorar.

Agjeld ser ingen vektige argument mot å ikkje bruke belte.

– Sjølv om forslaget skal ut på høyring, så bør alle handle som om det er ein gjeldande regel: Ikkje vere i traktorhytta utan å vere fastspent.