Hopp til innhold

Dette har ingen i verda klart å byggje – no kan den første komme på Stord

Ingen land i verda har klart å realisere planar om å byggje røyrbru. Ein ulovleg bratt tunnel på Stord gjer at ei røyrbru kan bli realisert for første gong.

Rørbro

NÆRARE REALISERING: Statens vegvesen vil at røyrbru skal byggjast som eit forskingsprosjekt i Stord kommune.

Illustrasjon: Statens vegvesen/Vianova/Baezeni

Å bygge ei røyrbru har lenge vore ein draum for Statens vegvesen. Ein draum dei førebels ikkje har klart å realisere.

For det kostar å leggje stål- eller betongrøyr 20 til 80 meter under havoverflata. Prislappen har sett ein effektiv stoppar for planane i meir enn 25 år.

Likevel har dei ikkje gitt opp. Røyrbruer kan nemleg erstatte tradisjonelle bruer, og er ein del av framtida, ifølgje Kjartan Hove i Statens vegvesen.

– Røyrbruer har mange fordeler. Det mest innlysande er at du har verken vêr eller vind der, seier utbyggingsdirektøren.

Ingen land i verden har klart å realisere planer om å bygge rørbru. En ulovlig bratt tunnel på Stord gjør at en rørbru kan bli realisert for første gang.

SJÅ VIDEO: Ei røyrbru vil opplevast som ein vanleg tunnel for trafikantar. Illustrasjon: Statens vegvesen/Vianova/Baezeni.

Blir stadig skrota

Ingen land i verda har klart å realisere planar om å byggje røyrbru. I Noreg vart det første prosjektet om røyrbru starta i 1994.

For nokre år sidan vart brua foreslått som eit alternativ for Hordfast.

Men prosjekta har vorte skrota grunna for høg pris.

– Det hadde vore bra å få brukt røyrbruene og fått kunnskapane på plass. Vi har brukt ein del tid på å utvikle teknologien, seier Hove.

Ulovleg tunnel kan vere løysinga

Han meiner Digernessundet på Stord er ei aktuell strekning for røyrbru. I dag knyter det såkalla Trekantsambandet kommunane Stord, Bømlo og Sveio saman.

Bømlafjordtunnelen på sambandet er ulovleg bratt og må oppgraderast. Hove meiner den første røyrbrua i verda kan passe her.

Bømlafjordtunnelen på E 39

ULOVLEG: Den 20 år gamle Bømlafjordtunnelen mellom Sveio, Bømlo og Stord tilfredsstiller ikkje EU-krav og vil ikkje takle trafikkauken som følgjer ferjefri E39.

Foto: Roy Hilmar Svendsen

Må erstatte tunnelen

Bømlafjordtunnelen er ein undersjøisk tunnel på åtte kilometer. Etter opninga i 2000 har EU komme med nye krav om maks 5 prosent stigning i tunnelar.

Bømlafjordtunnelen har 8 prosent stigning på det brattaste. Og ho er ikkje berre ulovleg bratt. Tunnelen manglar rømmingsvegar som tilfredsstiller EU-krav.

Statens vegvesen har eit mål om ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim. Draumen er firefelts motorveg mellom Stavanger og Bergen.

må tunnelen under Bømlafjorden oppgraderast eller erstattast. Vegvesenet seier røyrbrua kan gjere tunnelen mindre bratt.

– Vi har sett på ei framtidig ombygging av Bømlafjordtunnelen med ei røyrbru ut til Føyno frå nordsida. Skal vi byggje nytt løp under Bømlafjorden, som eg reknar med vi må gjere, må vi komme oss djupare før vi byrjar på fjelltunnelen, seier Hove.

TO BRUER OG EIN TUNNEL: Trekantsambandet på E39 i Sunnhordland vert samla på øya Føyno, mellom Bømlo, Stord og Sveio.

Naturvernforbundet positiv

I fjor foreslo Nye vegar å byggje ei gigantbru over Bømlafjordtunnelen.

Gabriel Fliflet, leier i Naturvernforbundet i Hordaland, er motstandar av ferjefri E39 og Hordfast. Men røyrbru er han positiv til, mellom anna fordi han er usynleg.

– Vi synest det er interessant å høyre kva ein kan få til. Det er bra at samfunnet blir klar over at også her må det gjerast store og tunge investeringar, seier Fliflet.