Hordfast-kommunar vil blokkera aksjekjøpet til Naturvernforbundet

Ordførarane i Stord og Tysnes kommunar ynskjer å nytta forkjøpsretten og kjøpa aksjane til Bjørnafjorden kommune i lobbyselskapet for ferjefri E39 sør for Bergen.

Kåre Martin Kleppe

VIL HINDRA MILJØORGANISASJON: Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe (biletet) Stord-ordførar Gaute S. Epland vil unngå at Bjørnafjorden sel sine aksjar i Hordfast AS til Naturvernforbundet.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Naturvernforbundet i Hordaland fekk sist veke tilslaget om å kjøpa aksjane i lobbyselskapet Hordfast AS.

Fylkesleiar Gabriel Fliflet forklarte at dei gjer det for å bli medeigar og motarbeida planane innanfrå.

No spørst det om Naturvernforbundet får denne moglegheita likevel.

Ordførar Gaute S. Epland (Ap) i Stord og Kåre Martin Kleppe (H) i Tysnes opplyser til NRK at dei ynskjer å nytta forkjøpsretten som aksjeeigar, og dermed blokkera for oppkjøpet til naturvernarane.

Dei skriv i ein e-post at det vert lagt opp til at Stord kjøper tre av aksjane og Tysnes to.

– Hordfast er det viktigaste prosjektet for utvikling av Stord kommune, Sunnhordland og heile Vestlandet. For oss er det viktig å vera ein del av prosjektet og selskapet, slik at me kan jobba for raskast mogleg framdrift i planane, seier Epland.

– Kva «skade» kunne Naturvernforbundet gjera i Hordfast AS?

– Det trur eg er begrensa. Men dette selskapet har eitt føremål: å sikra raskast mogleg realisering. Då er det ganske unaturleg og rart at ein aktør som ikkje ønskar prosjektet skal vera medeigar.

Fliflet i Naturvernforbundet kommenterer saka slik:

– Me tykkjer ordførarane i Tysnes og Stord heller skulle bruka kreftene på å stå opp for sin eigen fabelaktige natur enn å rota med andres aksjehandlar.

Hordfast med bru over Bjørnafjorden E39 Hordaland 2019

OMSTRIDD: Bjørnafjorden-ordføraren godtok å selja sine aksjar i Hordfast AS til brumotstandaren Naturvernforbundet, men no vil andre ordførar bruka forkjøpsretten.

Foto: Illustrasjon Statens vegvesen / Vianova/Baezeni

Ferjefri E39

Saka skal handsamast i formannskapet i Stord i dag og i formannskapet i Tysnes torsdag om ei veke.

Fjordkryssingsprosjektet Hordfast sør for Bergen er del av den store visjonen om Ferjefri kyststamveg på E39 mellom Stavanger og Trondheim.

Hordfast er planlagt som ein firefelts motorveg på ei rekordlang bru på fem kilometer over Bjørnafjorden. Deretter gjennom landskapet på Reksteren i Tysnes, og på bru over til Stord.

Tilhengjarane ønske kortare reisetid mellom Bergen, Haugesund og Stavanger, og dermed utvida bu- og arbeidsregionar.

Motstandarane ønske å unngå naturøydeleggingar og auka vegtrafikk, og meiner prislappen på 36,7 milliardar er for stor.

Godtok å selja billig

Etter at Os og Fusa kommunar vart slått saman til Bjørnafjorden, og Terje Søviknes (Frp) mista ordførarrolla og fleirtalsmakta, ønske det nye kommunestyret ikkje lenger Hordfast.

Sidan i sommar har Bjørnafjorden kommune prøvd å selja aksjane sine i selskapet, men ingen av dei andre aksjeeigarane har meldt si interesse.

Dermed godtok ordførar Trine Lindborg (Ap) sist veke Naturvernforbundet sitt bod på 10.000 kroner for dei fem aksjane som Os kommune i si tid kjøpte for 100.000 kroner.

– Når Naturvernforbundet seier dei vil bruka sin aksjepost til å arbeida mot prosjektet, tykkjer me det er rett å bruka forkjøpsretten me har etter aksjelova.

– Kvifor kom de ikkje på banen då Bjørnafjorden kontakta dykk i sommar?

– Me har ikkje vurdert det før me ser kva Naturvernforbundet vil bruka aksjane til.

Også Tysnes-ordførar Kleppe seier hans kommune har levd fint med at Bjørnafjorden hadde aksjane, og ikkje sett behovet for å by på dei før no.

Overbyr ikkje

Begge seier at dei vil gi det same for aksjane som Naturvernforbudet har bydd.

– Det ser me som eit ganske godt kjøp. Ein tidel av det me i si tid betalte for våre aksjar, seier Epland.

Ordføraren i Bjørnafjorden har tidlegare antyda at dei andre aksjeeigarane kanskje har mista engasjementet for prosjektet, når dei ikkje ville by på dei fem aksjane. Epland og Kleppe avviser at entusiasmen har kjølna.

– Absolutt ikkje. Det vil auka verdiskapinga, utvida bu-og arbeidsmarknadregionen. Det er også eit bra klimatiltak å avvikla energikrevjande ferjer og avløysa mykje av flytrafikken Stavanger-Bergen, meiner Epland.

Ordførarane meiner dei får fleirtalet med seg på å nytta forkjøpsretten.

– Ei sondering i går kveld tyder på eit ganske stort fleirtal, seier Epland.

Trine Lindborg, Ap-ordførar i Bjørnafjorden

– DÅRLEG INVESTERING: Bjørnafjorden-ordførar Trine Lindborg vil ikkje ha Hordfast-aksjane og ber regjeringa og Stortinget ta omsyn til at kommunen hennar ikkje ønskar utbygginga.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Signal til Hareide

– Eg aksepterer jo at dei brukar forkjøpsretten, men det er merkeleg at dei har sete i ro så lenge viss dei og næringslivet har så stor tru på prosjektet. Og det er ganske fantastisk å kalla Hordfast eit bra klimatiltak.

Det seier Bjørnafjorden-ordførar Lindborg.

– Desse aksjane er ei svært dårleg investering i eit prosjekt som vil rasera mykje flott natur. Når ein kommune som er så berørt som Bjørnafjorden ikkje ønskar denne utbygginga, er det eit tydeleg signal til samferdsleminister Knut Arild Hareide og til Stortinget.