Nye Veier vil bygga endå ei gigantbru på E39

E39 over Bømlafjorden vart ferjefri då undersjøisk tunnel opna i 2001. No vil Nye Veier bygga ei bru over den same fjorden.

Hordfast med bru over Bjørnafjorden E39 Hordaland 2019

HORDFAST: Ferjefri E39 er eit omdiskutert vegprosjekt langs vestlandskysten. Ny bru over Bjørnafjorden er det mange meiningar om, og no foreslår vegselskap å bygga ei tilsvarande bru over ein vestlandsfjord lenger sør.

Foto: Illustrasjon Statens vegvesen

Planen om ferjefri kyststamveg langs E39 frå Kristiansand til Trondheim er noregshistorias største vegprosjekt. Det inkluderer firefelts motorveg mellom Stavanger og Bergen.

Mellom dei to byane er det to breie fjordar som må bli ferjefrie. Prosjekta har fått namna Rogfast og Hordfast, og kostar høvesvis kring 17 milliardar og 37 milliardar kroner.

Blir begge realisert, kan det utløysa behov for at det blir spytta endå fleire milliardar inn på E39 mellom dei to vestlandsbyane.

Vil bygga bru over tunnel

For midt mellom dei to prosjekta ligg Bømlafjorden.

Her opna Trekantsambandet i 2001. To bruer og ein åtte kilometer lang undersjøisk tunnel erstatta tre ferjesamband mellom Stord, Sveio og Bømlo for snart tjue år sidan.

Men den undersjøiske tunnelen toler ikkje den trafikken ein trur oppstår med bompengefri passering på Rogfast og Hordfast. I fjor haust foreslo Vegdirektoratet difor at tunnelen ein gong i framtida må byggast ein gong til.

– Ein bør vurdera å byggja motorvegbru over Bømlafjorden i staden for ein ny undersjøisk tunnel ved sida av den gamle, seier plandirektør Finn Aasmund Hobbesland i Nye Veier AS.

Bømlafjordtunnelen på E 39

DJUP OG BRATT: Bømlafjordtunnelen på E39 er ein del av det sokalla Trekantsambandet, og erstatta tre fergesamband i 2000.

Foto: Roy Hilmar Svendsen

Tilfredsstiller ikkje EU-krav

Det statlege vegbyggingsselskapet lanserer idéen i sitt ferske forslag til prioriteringar i ny nasjonal transportplan.

– Bømlafjorden er krevjande. Den er djup, og har i dag ein svært djup og bratt tunnel. Ein bør sjå på ei bruløysing, seier Hobbesland.

Bømlafjordtunnelen er ein bratt, to- og trefelts undersjøisk tunnel som ikkje tilfredsstiller dagens EU-krav om stigning eller rømmingsveg.

Finn Aasmund Hobbesland

PLANDIREKTØR: Finn Aasmund Hobbesland i Nye Veier AS.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Det private vegselskapet har ikkje utarbeidd konkrete traséalternativ. Hobbesland vedgår at ei bruløysing over den 4–5 kilometer breie fjorden er krevjande.

– For det første blir det ei lang bru. For det andre treng ein nok seglingshøgde til at store konstruksjonar kan passera.

Han viser mellom anna til Kværner sitt verft som konstruerer skip og plattformer ved Leirvik litt lenger inne i Bømlafjorden.

Men ikkje minst er dette innløpet både til heile Hardangerfjorden og den indre seglingsleia sør for Bergen. Det er dermed ein fjord med svært mykje skipstrafikk til og frå Bergen hamn, resten av kysten nordover, og tungindustrien i Hardanger.

LANG BRU: Bømlafjorden er minst fire kilometer brei, anten ei bru til dømes blir bygt over dagens tunnel eller lenger aust.

Mindre drivstoff

Nye Veier AS har laust anslått at ny motorveg mellom Stord og Bokn vil kosta 22,3 milliardar kroner.

– Det er eit førebels og veldig overordna prisoverslag. Ein må no sjå heilskapen mellom Bokn og Os.

– Vil bru over Bømlafjorden bli billigare enn ein eller to nye tunnelar?

– Det er slett ikkje sikkert, men det er fordelar med bru. Ein slepp å køyra langt ned. Tunnelen må anten vera svært bratt opp og ned, eller mykje lenger for å tilfredsstilla EU-krava til slak stigning og jamnare kurver.

For næringslivet vil ei flat bru gi mykje mindre drivstoffbruk enn ein bratt tur ned under havbotnen.

– Det slår kraftig ut for økonomien i tungtransporten, men også for trafikktryggleiken. Risikoen for varmgang i bremser og brann stig jo med bratt opp- og nedkøyring.

Otterøya i Bømlafjorden, sør for Føyno, nord for Valevåg.

BØMLAFJORDEN Ein mogleg trasé for bru over Bømlafjorden går like over dagens tunnel, frå Føyno (i forgrunnen) via Otterøya til Valevåg i sør.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Vil verken ha bru eller tunnel

Tysnesordførar Kåre Martin Kleppe (H) er samferdsletalsmann i Samarbeidsrådet for Sunnhordland. Han tykkjer ideen om Bømlafjordbru er spennande.

– Det er naturleg å sjå på nye og andre løysingar over Bømlafjorden, for å få mest mogleg igjen for pengane. Også tryggleiksperspektivet gjer det fornuftig å vurdera bru når vegen skal oppgraderast.

Fylkesleiaren i Noregs Naturvernforbund, Gabriel Fliflet, er både mot Hordfast og heile Ferjefri E39-planen, inkludert ideen om Bømlafjordbru.

– Ein eller to nye tunnelar under Bømlafjorden, eller bru over, har å gjera med at ein vil oppgradera farten og standarden til motorveg. Det er me heilt i mot idéen om å laga ein stor, felles bu- og arbeidsmarknad med stor trafikkauke og naturøydelegging.

Fliflet meiner utbyggingstilhengarane har vore strategisk tause om både økonomi og miljøeffektar av motorveg mellom Hordfast og Rogfast.

– Ingen snakkar særleg om det. Av strategiske grunnar tenker dei vel at Hordfast er meir enn nok i denne omgang, og så kjem dei heller tilbake til neste utgiftsbombe i ein ny runde.

Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe (H)

BRU ELLER TUNNEL: Tysnesordførar Kåre Martin Kleppe (H) liker tanken på bru.

Foto: Stine Mari Velsvik / NRK

Ingen hast

Mannen som i si tid var krumtappen for å bygga Trekantsambandet, Øyvind Halleraker, er no leiar i lobbyselskapet Hordfast AS.

Han påpeikar at motorveg over eller under Bømlafjorden ikkje er nødvendig før Hordfast er bygt, nedbetalt og bompengefri, kanskje rundt år 2040.

– Det er langt fram i tid og uavklart kva løysingar som kan bli aktuelle då, så vi har god tid.

Medan Nye Veier AS no føreslår Bømlafjordbru, viser Halleraker til at Statens vegvesen til no har latt vera å planlegga korleis ein skal løysa motorvegkryssing av Bømlafjorden.

Han seier det ofte er kritikk mot store vegprosjekt i starten, men at den stilnar etter kvart.

– Denne type pionérprosjekt blir ofte møtt av motstand, og når dei kjem på plass, dabbar motstanden av.