Hopp til innhold

Det vil koste 10 milliardar å reparere kyrkjene i Noreg

Norske kyrkje har så store skader at mange av dei kan måtte stenge grunna dårleg vedlikehald. No kan sal bli løysinga.

– Det er trist, seier kyrkjeverje Bjarki Hrafnsson.

Han viser forfallet i den over 100 år gamle Midtgulen kyrkje i Bremanger.

På grunn av grunnforholda, sig kyrkja. Det har ført til sprekker i heile bygget, frå tårnet og heilt ned. Bjelkar rotnar, og det er sprekkar i fleire av glasa. Kyrkjeverja er redd nokre av dei plutseleg kan eksplodere.

– Om ikkje noko skjer, så må vi på sikt stenge kyrkja, seier Hrafnsson.

Han har ansvaret for kyrkjebygga i kommunen, som tel 3500 innbyggjarar.

Prislappen på å sette dei åtte kyrkjene her i stand er på 60 millionar brutto.

Det var Firdaposten som skreiv om kyrkjene i Bremanger først.

Treng eit mirakel

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at norske kommunar i snitt brukar drygt 600 kroner per innbyggjar på kyrkjene sine.

I Luster i Sogn har summen bikka 1600 kroner. Heile 11 kyrkjer som alle sårt treng vedlikehald, tærer på kommuneøkonomien. Kommunen innerst i Sognefjorden brukte 1250 kroner per innbyggar i drift av kyrkja i fjor. På toppen av det kom investering til større vedlikehald på 350 kroner, så totalt 1600 kroner per innbyggjar.

– Vi brukar altså det dobbelte, fordi etterslepet på vedlikehald er så stort. Viss Gud har tenkt å vende tilbake, bør han verkeleg ta turen til Luster, sukkar ordførar Ivar Kvalen (Sp).

– Bør legge ned fleire

Frå nord til sør i Noreg står 1630 kyrkjebygg. Fleire av dei i svært dårleg stand. Ifølgje tal frå KA, Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter, vil det koste 10 milliardar å sette dei i stand.

Kathy Lie

ALTERNATIV: I fleire europeiske land blir kyrkjer selde og nytta som mellom anna nattklubbar. Kathy Lie i SV er ikkje framand for at liknande kan skje i Noreg.- Pub og skatehall er kanskje litt fjernt i første omgang, men kvifor ikkje om dei ikkje skal brukast til kyrkje?

Foto: Vegar Erstad / NRK

– Ein svimlande sum, seier stortingsrepresentant Kathy Lie (SV).

Partiet tek til orde for å legge ned fleire kyrkjer. Årsaka er økonomi, samt at færre brukar kyrkjene enn tidlegare.

– Om vi skal halde på alle kyrkjene vi har i dag, så kjem vi ikkje i mål med vedlikehaldsetterslepet. Då bør vi sjå alvorleg på ein reduksjon, seier ho.

Biskopen i Bjørgvin: – Har ikkje ei kyrkje å selje

Også biskop i Nidaros, Herborg Finnset, har opna opp for ein slik debatt. Ho såg at pengane ikkje rakk til både vedlikehald av og til å tilsette folk.

Talen hennar i 2020 skapte litt rabalder.

– Men det er ikkje så farleg, dersom det kan bli ein god debatt ut av det, seier Finnset.

Ikkje berre er talet på kyrkjer, men også kvar dei ligg, viktige element i denne debatten, synest biskopen.

– Det er vanskeleg spørsmål, men eg trur vi kan snakke om kva vi skal gjere med dette, seier ho.

Men for biskopen i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, er ikkje dette aktuelt:

– Eg har ikkje ei einaste kyrkje å avsjå.

Han trur folk flest er samde med han:

– Mange meiner nok at vi har litt for mange kyrkjer i høve folketalet og bruken. Men går du ut på gata og spør om dei vil miste si kyrkje, då får du eit ganske tydeleg svar: Den kyrkja, den skal stå.

Biskopen peiker også på at ei kyrkje ikkje kan brukast til kva som helst. Dessutan ligg det som regel ein gravplass ved.

– Marknaden for å selje kyrkjer er lik null, meiner han.

Biskop Herborg Finnset holder nyttårstale i Nidarosdomen.

OPEN: Biskop i Nidaros Herborg Finnset opna opp for ein debatt om talet på kyrkjebygg i Noreg. I etterkant førte det til at folk blei meir opptekne av å behalde kyrkjene sine, seier ho.

Foto: Morten Andersen / NRK

Kyrkjer som nattklubbar

Det er kommunane sitt ansvar å gi pengar til vedlikehald av kyrkjene. Mange stader er derimot kommunekassa skrapa, og mange ser at dei ikkje har sjanse til å gi nok pengar til kyrkjene.

Det seier Helge Eide, direktør for samfunn, velferd og demokrati i kommunesektorens interesseorganisasjon, KS.

Tilsette i KS har tidlegare teke til orde for å legge ned kyrkjer. Årsaka var prestemangel og dalande kyrkjebesøk.

Fleire stader i Europa blir kyrkjebygg selt og brukt til mellom anna nattklubbar. Andre stader har kyrkjene blitt bygt om til bustadhus.

Debatten om kjøp og sal av vil nok også kome her i Noreg også. Det meiner Ingrid Staurheim, fagdirektør i KA, Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter.

Staurheim har forska på kyrkjebygg og kva dei betyr for folk.

Midtgulen kyrkje i Bremanger

FÆRRE: Sjølv om det er færre besøkjande i kyrkja no enn før, synest kyrkjeverje Bjarki Hrafnsson i Bremanger at ikkje det skal avgjere om ei kyrkje får leve vidare eller ikkje.

Foto: Steinar Lote / NRK

Ein debatt om nedlegging av kyrkjebygg, kan ikkje berre handle om pengar, eller kor mange besøkjer kyrkja, meiner ho.

– Kyrkja betyr veldig mykje for folk, så heile lokalsamfunnet må vere med i ein slik debatt.

Vil ikkje selje kulturarven

Nokre stader har allereie kyrkjebygg blitt tekne ut av bruk. Mellom anna i Oslo. Der var det delvis økonomi, men også eit ønske om dette, som låg bak.

Les også: Her stenger de alle kyrkjene sine – to kan komme ut for sal

Ann-Magritt Austenå, fagdirektør i Kirkerådet, trur avvigsling av kyrkjer kan bli aktuelt fleire stader. Ho peiker på at andre kyrkjesamfunn eller organisasjonar då kan ta over bygga.

Men i Den norske kyrkja er seniorrådgjevar Oddbjørn Sørmoen skeptisk. Han seier ein ikkje berre kan selje ei kyrkje fordi kommunen ikkje har pengar.

– Eg trur også det er ei kortslutning å telje varme seter kvar søndag opp mot den tydinga kyrkja har for staden, seier han, og legg til:

– Dessutan er kulturarven vår meir enn kjøp og sal. Og vi sel ikkje arvesølvet vårt.

Kan måtte stenge halvparten av kyrkjene

Kjersti Toppe (Sp) er tru- og livssynsminister.

– Har vi for mange kyrkjer i Noreg?

– Det er kyrkja sjølv som bestemmer talet på kyrkjer i aktivt bruk, seier ministeren, og legg til at det viktigaste er å halde ved like kyrkjene vi har i dag.

Staten skal hjelpe kommunane med 10 milliardar. Pengane skal nyttast til å sette i stand 1000 kyrkjer, som blir rekna som kulturhistoriske viktige.

kyrkjeverje Bjarki Hrafnsson

TRIST: Bjarki Hrafnsson fryktar at dersom kyrkjene i Bremanger ikkje får pengar på sikt, så vil fire av dei måtte stenge dørene.

Foto: Astrid S. Korsvoll

Dei fleste kyrkjene i Bremanger hamnar utanfor ei slik ordning. Her kan kyrkjeverja bli nøydd til å stenge fire av åtte kyrkjer på sikt dersom det ikkje kjem pengar på bok.

Det vil Bjarki Hrafnsson for alt i verda unngå.

Å selje kyrkjer er heller ingen smal sak:

– Om ein finn nokon som vil ha ei nedlagt kyrkje med eit vedlikehaldsbehov på 10- 12 millionar, så vær så god.