Hopp til innhold

Siri vil bli ordførar – det er det få andre kvinner som vil

Berre 29 kvinner i Sogn og Fjordane har ambisjonar om å bli ordførar etter valet til hausten. Det er for dårleg, meiner Siri Sandvik. Ho er sjølv ordførarkandidat for Arbeidarpartiet.

Siri Sandvik smiler på Youngstorget
Foto: Privat

Akkurat no jobbar nominasjonsnemndene i kommunane på spreng med å lage lister til kommunevalet 2019.

29 kvinner, mot 93 menn, stiller som ordførarkandidatar. Det er ikkje ein bra nok balanse, seier kvinnepolitisk leiar i Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane, Siri Sandvik.

– Viss det berre er menn i toppleiinga i kommunen, så er ikkje det eit bra signal til yngre kvinner og menn om at her kan også kvinner styre kommunen, seier ho.

Sandvik viser til at fleire kommunar no vert slegne saman. Det skapar sterkare konkurranse om plassane. Det kan dei som har vore med lenge i politikken – flest menn – dra nytte av, trur ho.

Og her fylgjer namna som så langt er klare, som NRK har fått oversikt over.

Kinn

Nye Kinn kommune er samanslått av Flora og Vågsøy. Sitjande ordførarar er Ola Teigen (Ap) i Flora, og Kristin Maurstad (Ap) i Vågsøy.

Arbeidarpartiet: Flora-ordførar Ola Teigen (46). Målar og flisleggjar.
Høgre: Eks-ordførar Morten Hagen (48) frå Vågsøy. Politibetjent
Venstre: Jacob Nødseth (30) frå Flora. Advokat.
Frp: Frank Willy Djuvik (40) frå Flora.
Senterpartiet: Sidsel Kongsvik (41) frå Vågsøy er innstilt. Sosialkonsulent.
KrF: Gustav Johan Nydal (58) frå Flora. Prosjektutviklar.
SV: Marie Øverås Jensen (36) frå Flora.
Raudt: Geir Oldeide (62) frå Vågsøy. Industriarbeidar.
MDG: Odd Bovim (39) frå Flora. Advokat.
Partiet Dei Kristne: Mindor Tonheim (73).

Sum: 8 menn. 2 kvinner.

Stad

Nye Stad kommune er samanslått av Selje og Eid, og grenda Bryggja frå Vågsøy. Sitjande ordførarar er Alfred Bjørlo (V) i Eid og Stein Robert Osdal (KrF) i Selje.

Venstre: Sitjande Eid-ordførar Alfred Bjørlo (45). Zoolog/entomolog og næringsutviklar.
Arbeidarpartiet: Siri Sandvik (50) frå Eid. Overlege.
Senterpartiet: Paul Jacob Helgesen (40) opphavleg frå Selje. Bedriftsrådgjevar.
SV: Håkon Sjåstad (56) frå Selje. Teknisk sjef.
KrF: Ronald Dalsbø (50) frå Selje. Kranførar.
Høgre: Geir Årvik (56) frå Selje. Næringsdrivande.
Frp: Anfinn Sjåstad (54) frå Selje.

Sum: 6 menn. 1 kvinne.

Stryn

Høgre: Sitjande ordførar Sven Flo (55). Offiser.
Arbeidarpartiet: Haldor Hove er innstilt. Læremiddelansvarleg.
Senterpartiet: Per A. Kjøllesdal (63). Bonde og styregrossist.
Venstre: Varaordførar Torstein Tvinnereim (45). Lærar.
Raudt: Anders Hamre Sveen (36). Kommunetilsett.
KrF: Kari Synnøve Muri (54). Kyrkjeverje.
Frp: Anders Magne Vik (72).
SV: Hans Petter Galtung (62). Lærar.
Partiet Dei Kristne: Jan Gudmund Skrivervik (55). Vernepleiar.

Sum: 8 menn. 1 kvinne.

Gloppen

Senterpartiet: Sitjande ordførar Leidulf Gloppestad (42). Bonde.
Arbeidarpartiet: Arnar Kvernevik (62). Ingeniør.
Venstre: Alf Erik Røyrvik (36).
Høgre: Beate Dybendal Nordvik (46). Tilsett i Fjord Energi.
KrF: Svein Ottar Sandal (68). Sjøvstendig næringsdrivande.
SV: Ole Fosse Fardal (32). Flygeleiar.
MDG: Marièl Eikeset Koren (32). Kaféeigar.
Samfunnsdemokratane: Gunnvor Sunde (58). Kjøkkensjef.

Sum: 5 menn. 3 kvinner.

Bremanger

Høgre: Elisabeth Birkeland Hatlenes (38). Lærar.
Arbeidarpartiet: Anne Kristin Førde (54). Organisasjonsarbeidar.
Senterpartiet: Magne Kjerpseth (70).
Venstre: Svein Olav Senneset (48). Ingeniør.
SV: Norvall Klungresæter (59). Kulturskulelærar.
KrF: Rune Nordbotten (56). Bonde.

Sum: 4 menn. 2 kvinner.

Sunnfjord

Nye Sunnfjord kommune er samanslått av Førde, Jølster, Gaular og Naustdal kommunar. Sitjande ordførarar er Olve Grotle (H) i Førde, Oddmund Klakegg (Sp) i Jølster, Mathias Råheim (H) i Gaular og Håkon Myrvang (Ap) i Naustdal.

Høgre: Førde-ordførar Olve Grotle (54). Advokat.
Arbeidarpartiet: Helge Robert Midtbø (56) frå Førde. Klinikkdirektør.
Venstre: Statssekretær Atle Hamar (55) frå Jølster. Lotteridirektør.
Senterpartiet: Fylkesordførar Jenny Følling (56) frå Gaular. Næringskonsulent.
SV: Åsmund Berthelsen (66) frå Naustdal. Utviklingsrettleiar.
KrF: Norunn Lunde Furnes (61) frå Gaular. Lærar.
Frp: Terje Johan Helgheim (68) frå Jølster. Pensjonist.
MDG: Marius Dalin (53) frå Førde. Overlege.
Raudt: Magnar Falkenstein (69) frå Naustdal.
Partiet Dei Kristne: Bjørg Sølvi Refvik (62) frå Førde. Sjukepleiar.

Sum: 7 menn. 3 kvinner.

Askvoll

Høgre: Sitjande ordførar Ole André Klausen (43). Rådgjevar og bonde.
Venstre: Varaordførar Gunnar Osland (61). Bussjåfør og bonde.
Ap: Terje Bjaanes (62). Privat næringsdrivande.
SV: Gaute Losnegård (49).
Sp: Kjell Kristian Carlsen (56).

Sum: 5 menn. 0 kvinner.

Fjaler

Venstre: Sitjande ordførar Gunhild Berge Stang (45). Arkeolog.
Frp: Kjetil Skår (30). Industriarbeidar
Høgre: Jostein Jarstad (34). Røyrleggjar.
Arbeidarpartiet: Leif Jarle Espedal (47). Bonde og seniorkonsulent,
Senterpartiet: Kjetil Felde (48).
KrF: Joy Taylor (50). Kyrkjesekretær.
MDG: Mark Taylor (50). Kantor.

Sum: 5 menn. 2 kvinner.

Hyllestad

Senterpartiet: Sitjande ordførar Morten Askvik (47). Lærar.
Høgre: Varaordførar Geir Helge Nordstrand (45). Verftstilsett.
Arbeidarpartiet: Kjell Eide (64).
KrF: Ingunn Sognnes (59). Bonde og fylkessekretær.

Sum: 3 menn. 1 kvinne.

Solund

Senterpartiet: Sitjande ordførar Gunn Åmdal Mongstad (55). Lærar.
Høgre: Kenneth Sæbø (40). Butikkmedarbeidar.
Arbeidarpartiet: Tom Færøy (60).
SV: Sølvi Songstad Waage (69).

Sum: 2 menn. 2 kvinner.

Gulen

Senterpartiet: Sitjande ordførar Hallvard Oppedal (61). Bonde.
Høgre: Ivar Eide (55). Drosjesjåfør.
KrF: Ingolf Wergeland (64). Bonde.
Arbeidarpartiet: Varaordførar Odd Harald Eide (64).
Venstre: Aslak Nyhammer (67).

Sum: 5 menn. 0 kvinner.

Høyanger

Arbeidarpartiet: Sitjande ordførar Petter Sortland (57). Næringsutviklar.
Senterpartiet: Geir Helge Østerbø (52). Samfunnskontakt.
Høgre: Monica Sunde Tjønnås (50). Kantinestyrar.
SV: Tanja Strandheim (43). Klinisk sosionom.
Raudt: Einar Rysjedal (64). Pensjonist.

Sum: 3 menn. 2 kvinne.

Sogndal

Nye Sogndal kommune er samanslått av Sogndal, Balestrand og Leikanger. Sitjande ordførarar er Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal, Harald Offerdal (Ap) i Balestrand og Jon Håkon Odd i Leikanger (Ap).

Arbeidarpartiet: Kjetil Kvåle frå Sogndal. Dagleg leiar.
Senterpartiet: Arnstein Menes (42) frå Balestrand. Opptaksleiar.
Venstre: Varaordførar Trude Risnes (47) i Leikanger. Rådgjevar.
Høgre: Arne Glenn Flåten (49) frå Sogndal. Næringsdrivande.
SV: Vibeke Johnsen (52) frå Sogndal. Avdelingsdirektør.
KrF: Varaordførar Frode Bøthun (42) i Balestrand.
Frp: Rita Navarsete (56) frå Sogndal. Butikkeigar.
MDG: Ståle Loftesnes (42) frå Sogndal. Møbelsnekkar.

Sum: 5 menn. 3 kvinner.

Lærdal

Senterpartiet: Sitjande ordførar Jan Geir Solheim (53). Bonde og drosjeeigar.
Arbeidarpartiet: Audun Mo (52).
SV: Jan Olav Fretland (69). Høgskulelektor.
Høgre: Johannes Einemo (35). Hotelldirektør.

Sum: 4 menn. 0 kvinner.

Luster

Senterpartiet: Sitjande ordførar Ivar Kvalen (45). Anleggsleiar.
Høgre: Geir Arve Sandvik (52). Næringsdrivande.
Arbeidarpartiet: Elin Hauge (42). Kommunetilsett.
Frp: Ernst Veum (77).
Venstre: Jon Ove Lomheim (66). Sivilingeniør.

Sum: 4 menn. 1 kvinne.

Aurland

Arbeidarpartiet: Per Are Flåm (50). Anleggsleiar.
Høgre: Monica Finden (49). Kyrkjeverje.
Senterpartiet: Trygve Skjerdal (58). Næringsdrivande.
SV: Abduljabbar Al Ammouri (30). Lærar.
Venstre: Terje Horvei (58).
MDG: Gøran Johansen (43). Sjølvstendig næringsdrivande.

Sum: 5 menn. 1 kvinne.

Årdal

Arbeidarpartiet: Fylkesleiar Hilmar Høl (49). Industriarbeidar.
Senterpartiet: Aleksander Øren Heen (30). Næringsutviklar.
Høgre: Knut Arne Klingenberg (61). Lensmann.
Raudt: Stephan Øren (35). Driftsteknikar.

Sum: 4 menn. 0 kvinner.

Vik

Senterpartiet: Eivind Helleland (59). Jordskiftedommar.
Arbeidarpartiet: Varaordførar Roy Egil Stadheim (50). Fengselsleiar.
Høgre: Marta Sofie Vange (71). Pensjonist.
SV: Bjørg Fritsvold (65). Lærar.

Sum: 2 menn. 2 kvinner.

Volda

Nye Volda kommune er samanslått av Volda og Hornindal. Sitjande ordførarar er Jørgen Amdam (Ap) i Volda og Stig Olav Lødemel (H) i Hornindal.

Arbeidarpartiet: Sverre Leivdal frå Hornindal (50).
Høgre: Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel (41). Elektrikar.
SV: Cecilie Rørstad (40) frå Volda.
Senterpartiet: Volda-varaordførar Sølvi Dimmen (51). PP-rådgjevar.
KrF: Arild Iversen (63) frå Volda.
Venstre: Hallvard Bjørneset (66) frå Volda.
Frp: Roald Arnold Espset (75) frå Volda.
Partiet Dei Kristne: Erlend Krumsvik (49) frå Volda. Forretningsutviklar.
MDG: Øyvind Festø (37) frå Volda. Lærar.
Raudt: Gudrun Kløve Juuhl (40) frå Volda. Førsteamanuensis.
Volda-lista: Odd Arne Folkestad (79) frå Volda.

Sum: 8 menn. 3 kvinner.

Totalt: 93 menn. 29 kvinner.