Ordførar-son vil bli ordførar

Paul Jacob Helgesen frå Selje er innstilt som ordførarkandidat for Stad Senterparti. Helgesen har erfaring frå fylkestinget og kommunestyret. Han er dessutan son av tidlegare KrF-ordførar i Selje, Gunn Helgesen. På andreplass finn vi varaordførar i Selje, Gunn Sande (t.h.), medan Betty Hessevik (t.v.) frå Bryggja har tredjeplassen. Fylkesleiar Sigurd Reksnes frå Nordfjordeid er ikkje å finne på lista.

Topptrio for Stad Senterparti
Foto: Privat