Vil bli ordførar i Gloppen

Etter femti år med Senterparti-ordførar vil no Arnar Kvernevik bli den første Arbeidarparti-ordføraren i Gloppen, skriv Firda Tidend. Han er samrøystes valt som listetopp i kommunen. 62 år gamle Kvernevik er i dag Arbeidarpartiet sin representant i formannskapet i Gloppen. Monica Grov står på andreplassen på lista.

Gloppen Arbeidarparti
Foto: Gloppen Arbeidarparti