Hopp til innhold

Den norske krafteksporten gjekk ned i 2021

Trass nye utanlandskablar og rekordhøge straumprisar, var kraftutvekslinga med utlandet større i 2020 enn i 2021.

Strømledningar

UTVEKSLING: Statnett har ansvaret for drifta av 17 straumkablar til andre land.

Foto: Heiko Junge / NTB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Oppdatering #1: Statnett opplyser tysdag kl.14:22 at «ein teknisk svikt» gjer at tala for bruttoeksporten, som fyrst vart referert til i denne saka, ikkje er korrekte. Dei legg til: «Verdiane er i røynda noko lågare».

Oppdatering #2: Statnett har publisert ei retting av statistikken for eksport/import av kraft. I denne er bruttoeksporten høgare i 2021 (25,8 TWh) enn i 2014 (21,9 TWh).

Tala viser også at utvekslingen var større i 2020 (20,5 TWh) enn i 2021 (17,6 TWh).

Full oversikt her: Feil i gamle import- og eksporttall.

Statnett har ansvaret for drifta av 17 straumkablar til andre land, inkludert fire til Danmark, éin til Nederland (Norned), éin til Tyskland (Nordlink) og éin til Storbritannia (North Sea Link). I tillegg har Noreg kraftlinjer på land til Russland, Finland og Sverige.

– Dette viser at mengda kraft eksportert i seg sjølv ikkje er årsaka til dei høge straumprisane, sjølv om det er fleire som bidrar til det inntrykket, seier energipolitisk talsmann i Høgre, Nikolai Astrup.

Kommunal og moderniseringsminister Nikolai Astrup

ANDRE GRUNNAR: – Dette viser at mengda kraft eksportert i seg sjølv ikkje er årsaka til dei høge straumprisane, seier Nikolai Astrup (H).

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Straumprisane kan bli marginalt høgare

I konsesjonssøknaden om utvekslingskablar til Tyskland og Storbritannia skreiv Statnett at «ein auke av utvekslingskapasiteten med 2800 MW vil bidra til at gjennomsnittsprisen i Noreg vil auke mellom ca. 2,5 og 4 øre/kWh».

Til grunn for reknestykket la dei ein gasspris på 27–30 euro per MWh; ein kolpris på 140 dollar per tonn; og ein CO₂-pris på 85 euro/tonn.

– Straumprisane kan bli marginalt høgare, sa statsminister Erna Solberg (H) då ho og forbundskanslar Angela Merkel opna den fyrste straumforbindelsen mellom Noreg og Tyskland i desember 2020.

Sidan har «marginalt høgare» straumprisar blitt til rekordar, og i desember varsla finansminister Trygve Slagsvold Vedum at han vil «gravleggje» den planlagde kabelen mellom Noreg og Skottland (NorthConnect).

Implikasjonen var klar: Kablar bidreg til høgare straumprisar.

Andre har peika på at det er kombinasjonen låg magasinfylling, høg gasspris og «den akutte kraftsituasjonen i Europa» som må ta «skulda» for prisane.

GERMANY-NORWAY/ German Chancellor Angela Merkel and Prime Minister of Norway Erna Solberg attend a news conference in the chancellery in Berlin

MARGINALT: – Straumprisane kan bli marginalt høgare, sa Erna Solberg (H) då ho og Angela Merkel opna den fyrste straumforbindelsen mellom Noreg og Tyskland.

Foto: AXEL SCHMIDT / Reuters

Vil ikkje «frikjenne» utanlandskablane

Arndt von Schemde er kraftanalytikar i Thema. Han seier at kablane i seg sjølv ikkje påverkar nettoeksporten, «om vi ser bort frå nokre spesielle tilfelle med mykje spel frå vassmagasina».

– Straumkablane til Tyskland og England påverkar berre kor mykje vi kan eksportere direkte til kontinentet og Storbritannia, i motsetnad til eksport via Danmark og Sverige, seier han.

Sofie Marhaug representerer Raudt i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Ho vil ikkje «frikjenne» utanlandskablane basert på tala som nemnt over.

– Desse tala er ikkje særleg representative. North Sea Link (undersjøisk kabel frå Suldal til England, journ.anm.) kom for eksempel først i drift i oktober, og har framleis berre halv kapasitet.

Handlar ikkje om kor mykje vi eksporterer

Lars Haltbrekken representerer SV i den same komiteen.

– Tala viser at dagens pris-situasjon ikkje først og fremst handlar om kor mykje straum vi importerer eller eksporterer, men at vi ikkje kan unngå å bli påverka av store endringar i land vi er bunde til, seier han.

Før jul foreslo han å opprette eit statleg straumselskap som kjøper inn kraft frå produsentane og sel han vidare til norske forbrukarar.

– Problemet ligg i korleis vi priser straum. Det er heilt styrt etter marknadsmekanismar, utan tilstrekkeleg demokratisk kontroll og regulering, seier han.

Forslaget fekk lunken mottaking hos statssekretær Amund Vik (Ap) i Olje- og energidepartementet.

– Eg trur vi skal vere forsiktige med å tenke at eit nytt statleg selskap er svaret på alle utfordringar, seier han.