– Det er blytungt å stå opp om morgonen å vite at du ikkje kjem deg på fotballbana, seier Bjørn Inge Utvik.
På fire år har Utvik hatt hjerneristingar sju gonger. I 2015 sleit han med eit kne og i fjor måtte han operere ei skade i lysken. Han hadde nettopp komme seg tilbake på banen då han braut ankelen fem minutt ut i ein kamp mot Haugesund.
Les også:
– Det er tungt
Utvik har seks veker med gips på foten framfor seg før han må gjennom ei opptreningsfase for å bli speleklar. Og dét rett etter han endeleg var i gang igjen.
– Det er ekstra tungt at det skjer akkurat no når eg nettopp har komme meg tilbake, seier han.
Utvik trur mange av skadane heng saman med den spelestilen han har.
– Eg er veldig ofrande og hoppar kanskje inn i nokre dumme situasjonar. Eg reddar ein del poeng og mål på den måten eg spelar på, så det kjem eg ikkje til å slutte med, seier Utvik.
Skal reise seg igjen
Sjølv om han ikkje har fått fullført nokon sesongar for Sogndal enno er han likevel nøgd med å snart ha 100 kampar bak seg. Og han er fast bestemt på å komme seg ut på fotballbanen igjen så snart som mogleg.
– Fotball er det artigaste eg driv med, så eg skal legge ned den innsatsen det krevst for å komme tilbake allereie i år, seier han.
Utvik byrjar å bli vant til å bli sett ut av spel og trur han kan dra nytte av å ha vore gjennom slike smellar før.
– Så lenge eg greier å komme meg tilbake, trur eg at eg blir sterkare mentalt og klarar å takle motgangane som lag og som spelar på ein betre måte, seier han.