Hopp til innhold

No blir det endeleg mogleg å poste på «insta» herifrå

Med dramatisk utsikt og smilande fjes har mange forsøkt å poste bilete herifrå på Instagram, til ingen nytte. Men no går det frå null dekning til 5G.

Utsikten Gaularfjellet

STORT POTENSIAL: Det er liten tvil om at utsiktspunktet på Gaularfjellet har eit godt potensial for blinkskot.

Foto: Jiri Havran

Utkikkspunktet på Gaularfjellet blir ein del av ei omfattande oppgradering av mobilnettverket. Snart går den nasjonale turistvegen frå null dekning til 5G.

– Det er ein gledesdag å kunne stadfeste at det blir full dekning på utsikta ved Gaularfjellet, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor.

Amundsen reknar det vil ta omkring 18 månadar, men at det då vil vere både 2G, 4G og 5G her innan dei er ferdige.

Utsikten på Gaularfjellet opna i 2016 til ein prislapp på 20 millionar kroner. Fem år etter opninga manglar framleis utsiktspunktet og vegstrekken tilstrekkeleg med mobildekning.

Plattforma gir ei storslått utsikt over den svingete turistvegen ned Gaularfjellet nord for Balestrand, i tillegg til utsyn mot fjelltoppar på 1500 meters høgde.

Utsikten, fv. 13 Gaularfjellet
Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Håpar på fleire turistar

Trass det kostbare utsiktspunktet i betong, samt investeringar på over 160 millionar kroner dei siste ti åra, har turisttrafikken vore nokså stabil langs denne turistvegen.

Konstituert dagleg leiar Bente Hauge i Sunnfjord Utvikling trur at det vil endre seg.

– Det at reisande med ein gong kan dele bilete på sosiale medium vil vere med å styrke opplevinga og merksemda rundt reisemålet Gaularfjellet, seier ho.

Ho legg til:

– Dette er også viktig sett frå eit tryggleiksperspektiv. Skulle noko skje i dette området, er det heilt avgjerande å få tak i nokon så raskt som mogleg.

Utsikten ved Gaularfjellet. Code arkitekter. Del av Nasjonale Turistveger.

IKKJE AUKE: Trass i at Utsikten på Gaularfjellet kom på plass i 2016 har ikkje dei store turistmengdene flokka til.

Foto: Trine Kanter Zerwekh / Statens Vegvesen

Manglande dekning langsmed turistvegane

Det finst 18 køyreruter som gjer opp attraksjonen Nasjonale turistvegar i Noreg.

Her køyrer ein gjennom vakker norsk natur og blir møtt med nyskapande arkitektur og tankevekkjande kunst på dei ulike utsiktspunkta og rasteplassane.

Statens vegvesen har ansvaret for å utvikle turistvegsatsinga.

Dekningskartet til Telenor viser at det manglar signal på delar av desse turistvegane:

  • Vestover frå utsiktspunktet med Gaularfjellet.
  • Gamle Gamle Strynefjellsvegen.
  • Aurlandsfjellet.
  • Havøysund.
  • Senja.
  • Sørover frå Trollstigen.
  • Fv 55 over Sognefjellet.

Sjølve Trollstigen fekk først mobildekning sist sommar.

Manglande mobildekning med Svartisen utanfor Atlanterhavsvegen har bekymra reiselivsnæringa.

Dekningsdirektøren i Telenor peikar på at mange av vegane går gjennom nasjonalparkar kor det ikkje er beint fram å byggje ut omfattande infrastruktur.

– Det er jo ein grunn til at desse vegane er så flotte. Dei går gjennom storslått natur, dei er ofte vinterstengde i tillegg til at dei manglar straum og samband. Mangel på kraft er hovudårsaka til at ein ikkje har dekning i enkelte område, seier Amundsen.

Stegastein, Aurlandsfjellet. Del av Nasjonale Turistveger. Arkitekt: Todd Saunders og Tommie Wilhelmsen
Foto: Jarle Wæhler / Statens vegvesen

5G gir ikkje betre dekning

I dag dekkjer 4G-nettverket omkring 86.5 prosent av landarealet til Noreg.

Målet er at alle med 4G skal få tilgang til 5G innan 2024 er omme. Det inneber oppgradering av radioutstyr på til saman 8500 basestasjonar.

Amundsen vedgår at 5G i seg sjølv ikkje gir betre mobildekning, og at det framleis kjem til å vere manglande signal, også på delar av den nasjonale turistvegen.

Det er også få telefonar i omløp i dag som evnar å kople til 5G. Telenor reknar dermed med at 4G-nettet framleis vil vere berebjelka for norsk mobilbruk dei neste åra.