Hopp til innhold

Cathrine (29) har jobba ti år i barnehage. No kryssar ho fingrane for at partane vert samde

Partane i barnehagestreiken sit framleis og meklar etter dei tysdag vart tvinga saman til forhandlingar. Barnehagetilsett Cathrine Sortland håpar dei finn ei løysing.

Cathrine Sortland

VIKTIG MED PENSJON: Cathrine Sortland er berre 29 år, og meiner difor det er ekstra viktig med pensjon. No er ho spent før møtet hos riksmeklaren.

Foto: Olav Røli / NRK

Tysdag ettermiddag var partane i barnehagestreiken kalla inn til tvungen mekling hos Riksmeklaren.

Onsdag morgon sit partane framleis ved forhandlingsbordet, men litt etter klokka 08.30, varslar riksmeklar Mats Wilhelm Ruland om snarleg avklaring, skriv NTB.

3.600 organiserte i Fagforbundet, Delta og Utdanningsforbundet er i streik mot arbeidsgjevaren Private barnehagers landsforbund (PBL).

Dei hadde møte sist veke, men klarte ikkje å komma til semje. Dermed er det tvungen mekling.

Håper på semje

Cathrine Sortland jobbar som barne- og ungdomsarbeidarar i Espira Hollund på Bømlo.

– Eg håpar dei kjem til semje. For meg som er så ung, er pensjon ekstra viktig, seier ho.

Det er ein arbeidsplass ho har hatt sidan ho var ferdig utdanna. I tillegg har ho teke fagbrev.

Ho fekk berre fire dagar på jobb etter permisjon, før ho måtte stilla seg på andre sida av porten i barnehagen og vera streikevakt.

– Det er klart at det er veldig spesielt. Eg hadde håpt at streiken skulle vera løyst til permisjonen min var ferdig, men sånn vart det ikkje.

Cathrine Sortland, Espira Hollund.

Cathrine Sortland er barne- og ungdomsarbeidar. Ho fekk fire dagar på jobb før ho vart teken ut i streik.

Foto: Olav Røli

På Bømlo i Vestland er heile seks av åtte barnehagar råka av streik. Kommunen har ingen kommunale barnehagar.

– Kommunen er ingen part i konflikten, men me har barnehagemyndigheit og følgjer nøye med på tilbodet som vert gitt, seier kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett i Bømlo kommune, Bjørn Håvard Bjørklund.

Måndag ettermiddag samla dei streikande i kommunen seg til ei markering i Svortland sentrum.

Med appellar, eigen streikesong og plakatar, synte dei at dei var villig til å kjempa lenge for å få igjennom krava sine.

Få reaksjonar til Statsforvaltaren

Lokal streikeleiar på Bømlo, May Rita Ersland Fjellheim, har ikkje så stor tru på at meklinga i dag vil føra fram.

– Avstanden har vore veldig stor mellom partane. Så eg har ikkje heilt trua, seier ho.

Førebels ser ikkje streiken ut til å ha skapt så stor uro blant foreldra i Vestland.

Seksjonsleiar Marianne Svege hjå Statsforvaltaren i Vestland seier til NRK at dei førebels berre har teke imot ei uromelding knytt til streiken.

Under skulestreiken tidlegare i haust kom det ei rad bekymringsmeldingar til styresmaktene om korleis streiken påverka barn og unge.

Heller ikkje Utdanningsdirektoratet har teke imot mange meldingar knytt til konsekvensar for barn i samband med streiken.

Omlag 100 barnehagetilsette på Bømlo er no i streik. Måndag hadde dei markering.

Om lag 100 barnehagetilsette i øykommunen Bømlo er i streik. Det råkar nesten heile barnehagetilbodet.

Foto: Olav Røli / NRK

Bømlo kommune: Vurderer å redusera tilskot

Trass i at nesten all barnehagekapasitet i Bømlo kommune er råka av streik, må kommunen likevel betala ut støtte til barnehagane.

Ifølgje kommunalsjef Bjørklund betalar dei om lag 114 millionar i året i barnehagetilskot.

– Me vil vurdera om det er aktuelt å avkorta tilbodet til barnehagane som ikkje tilbyr den tenesta dei har fått offentlege midlar til å levera. Men korleis og på kva måte, må me komma tilbake til, seier kommunalsjefen i Bømlo kommune.

Kunnskapsdepartementet kom tysdag med eit brev til KS der dei drøfta om kommunar kunne halda tilbake tilskot.

Ifølgje departementet var dette opp til kvar enkelt kommune å vurdera.

– Det kan vera at dette gjer at ingen har nokre økonomiske incentiv til å få avslutta streiken, seier han.

Kommunikasjonsdirektør Marius Iversen i PBL har tidlegare uttalt at dei ikkje sparar store beløp på streiken. Han avviser at dette gjer at dei ikkje ynskjer å få slutt på streiken.